For 35 år sidan

Flott amatørteater «SPLINT» VART PUBLIKUMSSUKSESS

Her er alle aktørane samla: Bak frå v.: Leif Egil Asen, Inge Røyrhus, Oddvar Tynes. I midten frå v.: Asle Fivelstad, Laila Engan, Jan Erik Øksvang, Olga Langeland, Astrid Skjelten og Turid Tryggestad. Framme frå v.: Geir Frøysa, Kjell Olav Larsen og Lis Stavdal.

I «Splint» vert vi synt møtet mellom ein splintefamilie og folk i ei lita fjordbygd for ikring 50 år sidan. Dette møtet ser vi gjennom auga til splinten, og Norvald Tveit vil i stykket syne oss korleis splinten vart motteken og kva konfliktar som oppstod i møtet mellom dei fastbuande og omstreifarane. Splinten vart ofte møtte med fordommar og mistenksamheit – men vart og somme stader vel mottekne.

Frå venstre: Lis Stavdal, Turid Tryggestad og Astrid Skjelten.

I stykket til Tveit møter vi familien til Paulus Aleksander. Han rår over familien sin med streng tukt, men er og den første til å verne dei mot presset frå dei fastbuande. For det tek ikkje lang tid før både prest og lærar dukkar opp for å få borna til Paulus inn i skulen og få gift dotter og svigerdotter hans. Ei har alt ein liten unge og den andre er høggravid og dette utan at dei er vigde nokon av dei.

Men presten er ikkje samstundes viljug til å gje splinten høve til å bli fasthuande, ved å nekte dei å flytte inn i paktarbustaden som står ledig. I staden må dei halde til i naustet som dei får låne av den vennlege bonden, Lars Bøvik. Med naustet som «base» dreg så familien rundt i bygda og sel ting dei har laga. Samstundes er borna av og til noko langfingra slik at m.a. ei spekeskinke forsvinn frå den gjerrige og rike bonden Ludvik.

Frå venstre: Olga Langeland, Jan Erik Øksvang, Asle Fivelstad og Laila Engan.

Den vakre dottera til Paulus, Paula – eller Solblomen som ho vert kalla – vert så brukt som middel til å få hand om garden til Lars Bøvik. Men det går ikkje betre enn at ein sjalu kjærast, Carl Johan, stikk ned Lars, og splintefamilien må røme frå bygda. Attende står Solblomen som i den hardt skadde Lars har funne mannen ho elskar og ikkje vil reise frå.

Korleis maktar så dei 13 aktørane å fylle dei krevjande rollene sine?

Godt – til dels svært godt – synest vi. I rolla som Paulus Aleksander får Jan Erik Øksvang svært fint fram den skiftande karakteren til Paulus, frå den bråsinte, refsande, gjennom den sleske og utspekulerte til underdanige og innsmigrande i møtet med presten.

Olga Langeland gjer ein flott innsats som den kua, men temperamentsfulle kona hans. «Solblomen», spela av Laila Engan er ei vanskeleg rolle som ho meistrar, mest til det perfekte. Det er sjeldan å sjå ei slik innleving og ein slik sans for nyansar og detaljar som dei LailaEngan får fram i sitt spel !

Dei to døtrene vert spela av Turid Tryggestad og Astrid Skjelten, og rolla som svigerdottera av Lis Stavdal. Dei overbeviser som den hissige og kritiske Hilda, den meir godige og humørfyllte Mona og den smålåtne Oneidia. Aleksander og Hannibal, sønene til Paulus Aleksander, vert spela av Kjell Olav Larsen og Geir Frøysa. Dei er så fulle av fart og påfunn som ein kunne vente, og likeeins fyller Leif Egil Aasen godt dei to mindre rollene som prest og bonde. Den nynorskfanatiske læraren vert godt karikert av Inge Røyrhus, og som ei gneldrande og nysgjerrig tante Gurine høyrer vi Kari Hauso Stadheim på lydband.

Oddvar Tynes leverer sterkt spel som forsmådd friar og Asle Fivelstad er akkurat så puslete og smålåten som han skal vere for å stå fram som eit truverdig offer for den vakre og stolte «Solblomen».

Ramma rundt spelet er flott. Kullissene er teikna av kunstnaren Oddvin Parr, og aktørane har laga dei på dugnad. Parr har og stått for sminkinga. Ole Aasen har hatt ansvaret for lyssetjinga og Ole Ragnar Korsbrekke for rekvisita. Sufflørar var Arild Ringdal og Tor Tryggestad. lnnstrueringa har vore leia av Asbjørn Saarheim, som vi synest har fått mykje ut av eit krevjande stykke.

Etter «Splint» suksessen: NY FRAMSYNING LAURDAG KVELD

Laurdag 8. januar vil H.U.L – teateret framføre skodespelet «Splint» på nytt. På premieren 4. juledag var samfunnshuset fyllt til siste plass. 370 personar såg framsyninga, og i tillegg var det mange som ikkje slapp inn.

Etter den store interessa for skodespelet, har teatergruppa altså vedteke å setje opp stykket ein gong til, før dei eventuelt dreg på turne med stykket. For det har ikkje mangla på henvendingar frå andre bygder om laget kunne tenkje seg å setje opp stykket der.

Billettar til framsyninga laurdag er lagt ut til førehandssal i går torsdag og i dag , fredag både i Hornindal, på Stranda og i Sunnylven. Dersom det vert att billettar etter førehandssalet, blir det høve til å kjøpe desse ved inngangen, før framsyninga laurdag.

Oddvar Tynes og Laila Engan.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen nr.1 , 1983 (fredag 7. januar).

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info