Notiser

Ønskjer deltakarar til «Kven veit»

HUL-leiar Marianne Fivelstad ønskjer seg mange deltakarar til «Kven veit»-konkurransen, gjerne fleire lag.

Hellesylt Ungdomslag ønskjer deltakarar til «Kven veit», ei kunnskapstevling for både unge og eldre.

I 2017 deltok HUL med tre lag og gjorde det bra. Laget håper å delta også i år der temaet er «Huset i bygda», den rause og frilyndte møteplassen som vi gjerne kallar Ungdomshuset, fortel Marianne Fivelstad

Konkurransen går over tre rundar med spørsmål, den fyrste laurdag 17. februar. Dato for dei to neste er ikkje bestemt, for HUL håper å kunne nytte lokala til Hellesylt Boutiqe & Bar slik at deltakarane kan nyte både god kaffi og andre forfriskingar under vegs. Det vil skjerpe på og friske opp kunnskapane, trur HUL-leiaren.

Hellesylt Ungdomslag ønskjer å stille lag i «Kven veit» og håper mange melder seg. Sjølv om det er ei kunnskapstevling og mål om å gjere det best mogleg, er det også ei triveleg sosial samkome, seier Marianne Fivelstad som ventar stor pågang og påmelding til mob. 416 95 525.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380