LokalnyttLokalsport

Sonerenn i Valldal

Glade premievinnarar frå Sunnylven IL etter sonerenn i Valldal (Foto: Privat)

Under testrennet til Valldal IL framfor Midt-Norsk meisterskap i langrenn fekk også seks unge løparar frå Sunnylven IL prøve seg i meisterskapsløypene. Det gjekk svært bra.

Desse seks var i  Valldal og gikk langrenn. Emma og Tuva  Korsbrekke ,Tonje Støverstein, Marta Friestad,  Kristin Langeland og  Johannes Friestad.  Flott innsats av ungane frå Sunnylven IL. Dette var eit testrenn for Valldal IL som skal arrangere Midt-Norsk meisterskap 3. – 4. februar for jenter og gutar i klasser 11 – 16 år. Omlag 70 løparar deltok i fine og krevjande løyper.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380