To KM-tittlar til Sunnylven IL

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL nærmast til høgre, dobbel krinsmeister i langrenn i helga.

Krinsmeisterskapen i langrenn, lang distanse vart avvikla søndag 28. januar med Eidsdal IL som arrangør. Sunnylven IL hadde to løparar til start og begge kom heim med KM-gull.

Alle foto: Hans Hole.

Knappe 50 løparar stilte til start under krinsmeisterskap i langrenn, langdistanse i klassisk stil i Eidsdal søndag. Mellom dei var Kristine Hjellbakk Hole og Anniken Hjellbakk Hole, begge Sunnylven IL. Begge gjekk gode renn, men var einaste deltakarar i sine klasser, jenter 16 år over 7.0 km., og i kvinner senior som gjekk 10.0 km.

Også Hedda Johanne Schreijer, Stranda IL henta heim KM-tittelen i jenter 14 år. Distansen her var 4.0 km.

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL fremst, sølv på laurdag, gull søndag i KM langrenn.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380