Lokalnytt

Ventar på svar frå Olje -og energidepartementet

Klagesaka på konsesjon til tre kraftverk i Sunnylven er enno ikkje behandla i Olje -og energidepartementet.

NVE gav i 2017 konsesjon for utbygging av Hauge, Langedalselva og Røyrhus kraftverk. Konsesjonstildelinga vart anka og klagebehandlinga vart oversendt til Olje –og energidepartementet for endeleg avgjerd.

Svaret frå Olje –og energidepartementet (OED) har drege ut, og på spørsmål frå Stranda kommune kom dette svaret;

-Viser til deres henvendelse angående status for klagebehandlingen av kraftverkene Hauge, Røyrhus og Langedalselva i Stranda kommune. Klagesakene ble nylig oversendt til departementet, og det vil ta noe tid før de tas til behandling. Jeg har ikke mulighet for å være konkret på når endelig vedtak i disse sakene kan foreligge.

Ny luftleidning

NVE gav også løyve til å byggje ei ny 66 (132) kV-luftleidning mellom Tomasgard transformatorstasjon i Hornindal kommune og Litlebø i Stranda kommune, og SFE Nett løyve til å byggje ein ny transformatorstasjon ved Litlebø.

Ny kraft avgjerande for nettanlegg

Langedalselva, Hauge og Røyrhus kraftverk, vil produsere om lag 40 GWh straum i eit middels år. Det svarar til straumbruken til om lag 2000 husstandar.

NVE har sett vilkår til dei enkelte prosjekta for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. NVE har òg sett vilkår at bygging av nettanlegget ikkje kan byrjast før det er teke investeringsavgjerd for eit minstevolum av ny kraftproduksjon på 8,4 MW. Det krev at minst Langedalselva og Hauge kraftverk blir utbygt.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380