LokalnyttLokalsport

Flott skiskyttardag i Hyttehola

[metaslider id=»20500″]

Laurdag arrangerte den rutinerte arrangørstaben til skiskytargruppa i Sunnylven IL normalprogram med tidstillegg for bomskot. Dette foregjekk i Hyttehola Fleirbruksanlegg. Det var to skytingar til og med 16 år og fire skytingar for 17 år og eldre.

Tekst og foto : Rune Tryggestad.

Rundt 80 deltakara og dertil leiarar, foreldre og ikkje minst ca 60 funksjonæra kosa seg i rikeleg med snø, og som vanleg med gode løyper i Hyttehola. Det var berre lovord å høyre om arrangementet frå dei mange tilreisande løparane og leiarane.

Ikkje minst var alle inponerte og glade for at det nye klubbhuset som Sunnylven IL og Sunnylven Skyttarlag saman har sett opp, og som har alle fasilitetar, står klar til bruk etter ein imponerande dugnadsinnsats av bygdefolket i Sunnylven.

Som ei tilreisande dame sa. «Tenk å slippe å tenke på å gå og vere trengd på do heile dagen under rennet. Det har blitt so flott det nye klubbhuset». Ja, ingen saknar det gamle som vart rive etter påske i fjor vår.

Det deltok løpara frå klubbar både frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i rennet, og Sunnylven IL stilte med heile 18 både ivrige og dyktige løpera. Spesielt er det mange unge og nye som stilte til start Det lovar godt for rekruteringa framover. Det er litt tynnare med deltakara frå klubben oppover i dei eldre klassene.

Laurdagen var det mange som imponert både med god fart i sporet og flott skyting under rennet. «Fullt hus» eller «Fem rett ned» høyrde vi stadig vekk på standplass.

Fullstendig resultatlister finn ein her.

Vi tek med plassering og skyteresultatet av løpara frå Sunnylven IL

J 10 år og yngre nybegynner (Stor blink)
Sina Helen Frøysa (2-0)
Siv- Anita Åsheim Nessan (1-0)
Ingeborg Fivelstad Stadheim (0-0)
Marta Friestad (4-0)

G 10 år og yngre nybegynner (Stor blink)
Sander Hole (0-1)
Kristen Brenne Ringdal (0-0)
Oskar Ringdal (2-1)

J 11/12 år nybegynner (Stor blink)
Kristin Langeland (1-0)
Tonje Støverstein (0-0)

G 11/12 år nybegynner (Stor blink)
Johannes Friestad (0-1)

G 9/10 år (Liten blink)
Nr 3 Trym Helset (2-2

J 11 år (Liten blink)
Nr 3 Sofie Kjellstad (1-0)

J 12 år (Liten blink)
Nr 2 Nikoline Frøysa Hellebostad (2-4)

J 13 år (Liten blink)
Nr 7 Sofie Høgalmen Støverstein (3-4)
Nr 8 Lone Ringdal (4-5)

J 15 år (Liten blink)
Nr 2Johanne Ringdal Sæter (2-2)

G 13 år (liten blink)
Nr 2 Elias Helset (5-1)

K18 år
Nr 2 Inger Ringdal Sæter (3-1-3-4)

Sunnylven IL- Skiskyting

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info