LokalnyttLokalsport

Tolv sekund frå gull

Premiepallen i jenter 16 år. Frå venstre Oda Groth Brodtkorb, Strindheim IL, Frida Haugskott, Buvika IL, Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL. (Foto: Hans Hole)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL gjekk inn til bronsemedalje på 2.0 km. fristil under Midt-Norsk meisterskap i Valldal søndag.

Det var Trønderdominans på dei fleste langrennsøvelsane også søndag då Midt-Norsk meisterskap heldt fram i Valldal. Utanom ei gull, to sølv og fire bronse gjekk resten av edelt metall til Trøndelag.

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL var av løparane som «redda» langrennsæra for Møre og Romsdal i meisterskapen. Søndag sikra ho seg tredje plass og bronse i klasse jenter 16 år. Med 5. plass frå laurdag i klassisk vart det eit godt meisterskap for Sunnylvs-løparen..

Best i J16 søndag var vinnaren frå dagen før, Frida Haugskott, Buvika IL, ni sekund føre Oda Groth Brodtkorb, Strindheim IL, og tolv sekund raskare enn Kristine Hjellbakk Hole.

Sjå resultat frå søndag her: http://live.eqtiming.com/40732#result:150016-456783-1008764-1-1-

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380