LokalnyttLokalsport

Avgjorde for Tronstad jaktlag

Premiepallen i Bedriftscup 2018. Frå venstre sølvlaget Kurt Erik Sundgot, Knut Sundgot, Alf Ole Sundgot. Vinnarlaget med Svenn Roger Alme, Kristian Andre Frøysadal Hauge, Svein Magne Frøysadal, og bronselaget med Kirsti Frøysadal Hauge, Isak Frøysadal Hauge, Jørgen Helset.

Unge Kristian André Frøysadal Hauge skaut til hundre og sikra sigeren for Tronstad jaktlag i årets bedriftscup. Vinnarlaget bestod også av Svein Magne Frøysadal og Svenn Roger Alme.

Tekst/foto: Rune Tryggestad / Sunnylven skyttarlag

Sunnylven skyttarlag avslutta årets bedriftscup i miniatyrskyting med finale onsdag 14. mars. Det vart ein nervepirrande kamp om heider, medalje og store og små pokalar til siste smell.

Årets bedriftscup vart akkurat så jamn og spanande som forventa. Før finaleskytinga leia Tronstad Jaktlag, fire poeng føre Bjørdal Jaktlag og med Ole Ringdal 1. på tredjeplass. Etter at to av skyttarane på alle lag hadde skote i finalen leda Bjørdal Jaktlag med to poeng føre Tronstad Jaktlag.  Helset Storfe hadde skote seg opp på tredjeplass.

Ungdom berga sigeren

Ankermennene til dei tre laga kniva heilt til siste slutt, og då siste skot var avfyrt fikk Kurt Erik Sundgot anvist 98 poeng, som var eit fattig poeng for lite mot for å vinne samanlagt då yngste skyttar på vinnarlaget, Kristian Andre Frøysadal Hauge fekk anvist 100 poeng.

Etter som finalen tel dobbelt vart poengsummen 2038 og siger med to poeng for Tronstad Jaktlag mot Bjørdal Jaktlag på andreplass med 2036 poeng. Bronsa gjekk til Helset Storfe  med poengsummen 2031.

Resultat Bedriftscup 2018:   1.r       2.r.       3.r.     2.best.  Finale              Sum

Tronstad jaktlag                     729      717      731      1460    578                  2038

Bjørdal Jaktlag                       721      729      727      1456    580                  2036

Helset Storfe AS                    715      733      720      1453    578                  2031

HT Bygg                                 714      722      720      1442    572                  2014

Nebbedalen jaktlag                 704      716      713      1429    580                  2009

Ole Ringdal 1                          709      726      725      1451    558                  2009

De gamles Håp                       701      712      707      1419    572                  1991

Stabburet 1                             702      697      695      1399    576                  1975

Ole Ringdal 2                          694      684      696      1390    574                  1964

De gamles Håp 2                    650      680      684      1364    550                  1914

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380