Besøkte Sunnylven omsorgssenter

Audun Myskja fortalde, trakterte gitaren og song til bebuarar og pårørande ved Sunnylven omsorgssenter.

Audun Myskja besøkte Sunnylven omsorgssenter torsdag, eit møte med legen, forfattaren og musikaren som formidla tankar kring eldreomsorg og pleie gjennom musikk og song.

Daglegstova ved Sunnylven omsorgssenter var nesten for lita då Audun Myskja, sunnmøringen med slektsband til Haramsøy formidla livserfaringar frå demens og eldreomsorg krydra med musikk og song. Rundt 50 fastbuande og føresette var til stades.

Audun Myskja har fleire profesjonar. Han har forska på og har ein doktorgrad i demensbehandling og musikkterapi, og gjennom sitt yrke har han jobba med mellom anna psykisk utviklingshemma. Song og musikk var av ting som kunne roe ned, og til dei frammøtte fortalde han om ein pasient med høge lydar og som kunne gå til fysiske angrep på andre. Men ærfaringa var at songen og rytme i musikken verka beroligande.

Å synge var god «medisin» for mangt, men då måtte ein synge høgt, ikkje berre nynne med. Under samlinga inviterte han stadig alle til å vere med i song, og dei tok utfordringa. -Alle fugler- var ein av songane som klang høgt og godt i daglegstova, og Myskja lika det han høyrde. –Det var god synging, sa han.

I løpet av ettermiddagstimen kom fleire songar, som -Drømmen om Elin-, -Mellom bakkar og berg-, -Den fyrste song-, -Den glade vandrer-, -Det blir atter sol og sommar-, -Bestefarsvalsen- og mang fleire. Kanskje skulle det ha vore færre songar, men fleire vers av kvar. Avslutningsvis kom Ivar Aasen sin -Dei gamle fjell i syning om- og ein folkedans, -Lev vel så vil eg seia-.

Og Audun Myskja kom med ei viktig oppmoding. -Det som alle bør jobbe meir med er balansen, for fallulykker grunna dårleg balanse er svært vanleg. Gjennom song, musikk og dans trenar ein balansen. På dei fleste aldersheimar blir dei gamle berre sitjande i ro. Det må vere ei oppgåve å aktivisere dei meir, sa han.

«Vi må setje inn musikk systematisk og over tid – elles blir det berre augeblikkets glede, verken meir eller mindre», har Myskja sagt i eit tidlegare foredrag. Han var glad for møtet med pensjonærane og føresette på Sunnylven omsorgssenter, -det har vore inspirerande å treffe og prate med dokke, sa han.

Pårørandeforeininga ved Sunnylven omsorgssenter stod for arrangementet med støtte frå Den Kulturelle Spaserstokken, og vart avslutta med kaffi og kaker.

Liv Nounn Langeland Runde i pårørandeforeininga helsa og takka Audun Myskja for eit inspirerande foredrag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380