Lokalnytt

Brannmenn i god form

 

Arne Ringdal varma opp med 40 kilo, og brukar å avslutte med hundre kilo. Her forklarar John Ringdal rett løftestilling med ein stav, ei rett linje frå nakke, skuldrar, rygg til hofte.

Mannskapet i Hellesylt Brannkorps held seg i form. Kvar tysdag samlast fleire av dei til trening ved Hellesylt Treningssenter.

Mannskapet i Hellesylt brannkorps held seg i god fysisk form. Ein kveld i veka er det styrke -og kondisjonstrening ved Hellesylt Treningssenter under leiing av John Ringdal, no pensjonerte brannkorpsleiaren. Han er hyra inn for å rettleie i styrkeøvingar og halde brannmennene litt i taumane. Dei er nemleg svært så ivrige etter å trene, fortel han. Treningsavgifta som blir betalt til senter blir sponsa av Stranda kommune, ein avtale som i fyrste omgang varer ut juni 2018, fortel Ringdal.

-Brannmannskapet trenar etter eit opplegg som brannmannskap ved Trondheim Brann og Redning nyttar. Og mannskapet på Hellesylt viser stor framgang. -Treningsopplegget varierer ut frå alder på mannskapet, men no viser det seg at vi kan nytte eit opplegg som er tenkt for 35-åringar, så det nyttar å trene, seier John Ringdal.

John Ringdal testa eigen styrke med nesten 150 kilo på stonga. Det gjekk greitt.

Å vere i god fysisk form er viktig, spesielt for røykdykkarar. Per Svein Hole er ein av fleire røykdykkarar som har avlagt prøve og bestått. Han seier at timar med vektløfting og andre kondisjonsøvingar ved treningssenteret har vore medverkande til at røykdykkarprøva gjekk greitt.

hellesylt.info var innom treningssenteret tidleg på tysdag der tre av mannskapet var i trening. Det gjekk på markløft med repetisjonar og Ringdal instruerte i rett løfteteknikk. Etter oppvarming var målet å løfte faktor 1.05 av eiga vekt, og det var inga sak for karane sjølv om vekta kom opp i tresifra kilotal. Instruktøren sjølv fylte på med vekter til eigen test til det nærma seg 150 kilo. Også det vart løfta utan problem.

Per Svein Hole er røykdykkar i Hellesylt brannvern. Han byggjer styrke i Hellesylt Treningssenter, noko som er viktig for ein brannmann, seier han.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380