Lokalnytt

Dalarane held manuskripta tett til brystet

Staute karar med mykje revy-erfaring studerer tekstar til innslag under grendakvelden. Frå venstre Leif Arne, Per Kjell, Trond Åge, Asle og Peder Rune.

Om få dagar inntek Dalarane scena i Sunnylven samfunnshus med folkeleg humor slik dei gjorde fyrste gong for 40. år sidan. Og vi kan melde at alt er i rute nok ein gong.

Det blir grendakveld arrangert av Hellesylt Ungdomslag laurdag 24. mars. Der er Dalarane servitørar av programdelen, det fekk vi stadfesta etter ein tur innom Sunnylven samfunnshus søndag. Eit stort antall moromenn og damer var i gong med å «spikra» detaljer til nye latterkuler og oppdatering av nyheiter, både av gamalt og framtidsrette.

-Det blir ein grøn tråd gjennom programmet, for i Dalen er så mange Sp-politikarar, fekk vi oss fortalt. Men politikk blir det lite av i innslaga, så både grøne, blå og blåblå styrande kan trygt gå på årets grendakveld utan å bli ufint karikerte, vart det lova om vi skal tru dei då.

For innhald og manuskrift til det godt timelange programmet heldt dei tett til brystet. Det som var sikkert var at når Dalarane kjem på scena då blir det mykje song og musikk. Ikkje dårlege innslag det heller, for det vi veit frå tidlegare år er at tekstane er både tidsaktuelle og har slåande poeng.

Det er berre å glede seg til laurdag 24. mars, trur vi. Og etter programmet blir det servering av spekemat, kaffi og dessert og avslutta med dans til musikk av gruppa Contrazt. For den som vil ha med seg alt under grendakvelden er prisen 500.- kroner. Det blir førehandssal av billettar i vestibylen på samfunnshuset laurdag frå kl. 12.00.

I ei krå for seg sjølve fann vi «veteranane i Dalarevyen» i godt humør, frå venstre Astrid, Ivar Bjarne og John Arne. – Vi stiller på eit år til, sa dei.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380