Lokalnytt

Flotte arrangement i pensjonistlaget

Frå Sunnylven pensjonistlag sin tur til Bremangerlandet i 2016. (Foto frå arkivet)

Sunnylven pensjonistlag har sett opp vår og sommarplan for 2018. Alt i morgon laurdag 10. mars er fyrste arrangement.

I alt fire arrangement er kome med på vår –og sommarprogrammet for Sunnylven pensjonistlag. Den er no sendt ut til medlemane, til dei aller fleste som e-post.

På planen står mykje triveleg med samlingar i heimebygda, turar både langs landevegen og i lufta, og sjølvsagt med både servering og underhaldning.

Startar med vaflar

Laurdag 10. mars er der laurdagstreff på Sunnylven Kyrkjelydshus. Då blir det vaffel-steiking og god kaffi å få. «Vi syng glade vårsongar og styremedlem i laget Håkon Hasle les», ser vi av planen.

På vårteffet 18. april kjem Asbjørn Tryggestad og underheld med song og musikk, og Sparebanken Møre deler ut merke for Den Gyldne Spaserstokk. Og sjølvsagt servering, betasuppe med brød, marsipankake og kaffi.

Balljdag

«Kom mai du skjønne milde», heiter det. Onsdag 9. mai blir det servering av potetball med tilbehør, kaffi og twist. Det foregår på Sunnylven kyrkjelydshus, og laget ønskjer påmelding innan 5. mai. Til; Odd Jostein, 957 52 330, eller Astrid 906 75 234.

Gondoltur

Så blir det årets luftigaste tur, for dei som har lyst av medlemane i Sunnylven pensjonistlag. Fredag 8. juni blir det tur til Hoven i Loen. «Dette vert ein fin måte å kome seg til fjells for å nyte naturen og utsikta. Fint tilrettelagt også for dei som nyttar rullestol», står å lese om turen. Det blir matservering på toppen. Pris inklusiv reise, gondol og mat kr. 750.-. Påmelding til Odd Jostein eller Astrid.

Laurdag 10. mars kl. 14.00 og litt før 5-mila i Holmenkollen startar er det altså laurdagstreff og vaflar med god kaffi til på Sunnylven kyrkjelydshus. Også her, som på dei andre tilstellingane er det tombola og høve til å vinne fine ting.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380