LokalnyttLokalsport

I form før Ungdomsstafetten

Kristine Hjellbakk Hole. (Foto frå arkivet)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL var einaste deltakar i J16 under det åttande Sparebanken Møre Cup søndag. Sunnylvs-løparen har for lengst sikra seg sigeren samanlagt i klassa.

Under rennet på Bondalseidet søndag med Hovdebygda IL langrenn som arrangør kom Kristine i mål på 5.0 km. til 14.52. Ei god sluttid også mellom deltakarar av guteklassa, og 1.40 raskare enn vinnar av J15. Rennet gjekk i klassisk stil.

I jenter 14 år vann Hedda Johanne Schreijer, Stranda IL, med Eline Mathea Myre, Valldal IL og Andrea Løvik Jørgensen, MOI på ei neste plassane.

I J11 vart Sine Willemijn Schreijer, Stranda IL nr. 3.

Til Holmenkollen

Kristine Hjellbakk Hole bekrefta god form fram for Ungdomsstafetten i Holmenkollen som går søndag 11. mars. Der går ho tredje etappe for Møre og Romsdal, ein stafett som består av fire etappar over 3.5 km. av to jenter og to gutar 15 og 16 år på kvart lag.

Vasaloppet

Søndag vart det 94. Vasaloppet (90 km.) frå Selen til Mora arrangert. Knut Anders Hatlen , Stranda IL var mellom deltakarane og kom på 119. plass på 4.46.49. Sven Arne Nakken, Velledalen & Ringe vart nr. 1007, 5.59.05. Det var lett snøver under rennet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380