Lokalnytt

Iris Fivelstad, fregattsjef frå Nibbedalen

Fregattsjef Iris Fivelstad på brua på KNM Otto Sverdrup.

Det har gått sju veker sidan Iris Fivelstad med sleksrøter frå Nibbedalen i Sunnylven overtok som fregattsjef på KNM Otto Sverdrup, eit yrkesmål etter tjue år i sjøforsvaret.

Alle foto: Forsvaret.

I januar kunne media fortelje om utnemning av den fyrste kvinnelege fregattsjef i Norge. Det var Iris Fivelstad frå Nibbedalen i Sunnylven som tok over ansvaret på fregatten KNM Otto Sverdrup, og ho var den fyrste som har hatt ein slik toppjobb nokon gong. Markeringa og presseoppslag tok litt meir av enn Iris hadde forventa, men ho hadde fått jobben ho håpa på.

«Den beste jobben»

– Sjølvsagt er eg glad for å bli utnemnt til fregattsjef, men at eg vart den fyrste dama føler eg ikkje er så spesielt. Vi fekk ein kvinneleg ubåtsjef i 1995 og eit par år seinare vart ei kvinne sjef på mineryddarfartøy. Og det er ikkje lenge sidan ein amerikansk destroyer var innom Oslo der ei kvinne var sjef om bord. Men eg er sjølvsagt glad for å få jobben, ein jobb eg har hatt interesse for og jobba mot dei siste 20 åra, seier ho. På fregatten bur ho godt med eige soverom og opphaldsrom som også blir nytta som kontor og møterom. «Fartøysjef er den beste jobben vi hadde», har forgjengarar sagt og Iris Fivelstad trur det kan stemme.

Ti år gamle KNM Otto Sverdrup er den tredje i rekka av fem nyare fregattar og kosta fem milliardar kroner. Båten har eit mannskap på 130, men kan auke med nye 40 om det skulle vere behov for det.

KNM Otto Sverdrup (i framgrunnen) på øvingstokt saman med andre allierte skip og helikopter

Ansvaret

Iris Fivelstad vedgår at ho kjenner på ansvaret som ho seier er to-delt. – Ein ting er når vi er på øving og har ansvar for utstyr til fem milliardar kroner og 130 mann. Men ansvaret blir veldig mykje større i ein operasjon om det skulle bli spørsmål om å «trykke på knappen». Fram til ein slik situasjon er oppgåva fyrst og frems å forvalte ei formue på ein god måte, å ta vare på fregatten i 40 år som er berekna levetid, og gje mannskapet den kunnskap og opplæring som trengs. Det blir jobben kvar dag, legge grunnlaget om det skulle bli alvor.

Iris Fivelstad overtok KNM Otto Sverdrup med eit mannskap som hadde seks månader i NATO-operasjonar bak seg. Det var det best trena fregattmannskapet i Norge. Dei kjende båten i både krig og fred. -Eg kjende forholda om bord frå ein annan heilt lik båt (KNM Roald Amundsen), seier ho.

Nye øvingar

I 2002 / 03 var Iris Fivelstad med på Aktive Endeavour, eit vaktoppdrag etter 11. september-angrepet i New York. Det var ikkje reelle truslar, men vi borda eit fartøy utan å møte motstand. Elles gjekk operasjonen mest på å overvake, fortel ho. Om det blir slike oppdrag i framtida er opp til regjering og Storting å avgjere.

Etter utnemninga som fregattsjef har Iris Fivelstad og mannskapet på KNM Otto Sverdrup vore på ei øving i Norsk farvatn utanfor Bergen. No står vedlikehald av båten for tur og etter det blir det nye øvingar utover våren og hausten, mellom anna i «Trident Juncture», ein av dei aller største NATO-øvingane som har vore i Norge nokon gong.

Iris Fivelstad vart utnemnt til fartøysjef på KNM Otto Sverdrup i januar 2018. Ho fekk sin draumejobb.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380