Lokalnytt

Nytt godt år for idrettslaget i Sunnylven

Nytt klubbhus i Hyttehola, god økonomi og fleire gode idrettsprestasjonar av laget sine utøvarar. I korte trekk eit godt idrettsår i Sunnylven i 2017.

På årsmøte i Sunnylven Idrottslag vart det lagt fram rekneskap for laget og årsmeldingar frå hovudstyre og undergrupper. Alt viste at idrettslaget driv godt, bygg, anlegg og utstyr blir fornya og halde ved like, og alle som vil fekk drive sin idrett.

Sunnylven Idrottslag kom ut med eit ordinært resultat i rekneskapen på 550.000.-. Laget har ved utgangen av 2017 ein eigendel på 1.350.000.- kroner.

Hovudstyret

Hovudstyret var arrangør av 17. mai i Sunnylven og tok del i arrangementet av Hellesyltdagane. Idrettslaget foreslo kandidat til fleire prisutdelingar, Stranda kommune frivilligpris, Idrettskretsen sin heiderspris og Sunnmøre fotballkrins sin ildsjelpris utan at noko av forslaga vann fram. Sunnylven Idrottslag er søkjar på tippemiddlar til delprosjekt 5. og 6. på Den Trondhjemske postveg, og laget tek del i utsiktsrydding i Sunnylven der godtgjersla er øyremerka til fleirbrukshuset i Hyttehola.

Laget har teke opp eit byggelån på 1.3 mill. til finansiering av prosjektet i Hyttehola, og kvar gruppe i idrettslaget har overført beløp til byggekonto, hovudstyret 150.000.-, skigruppa 75.000.-, skiskyttargruppa 200.000.-, trimgruppa 10.000.-, treningssenteret 5.000.-, og fotballgruppa 75.000.-.

Fotballgruppa

Frå Fotballgruppa les vi at det vart stilt felles damelag med Stranda, eit samarbeid frå 2012 og som har vore positivt. I alt 67 unge deltok på åtte aldersbestemte lag. Fotballgruppa var aktivt med under Hellesyltdagane, har arrangert Klubbens dag og Yngres avslutning med bingo. Rasmus Matvik`s minnepokal vart delt ut for 15. og siste gong i 2017. og Henning Frøysa vann pokalen til odel og eige.

Ski og skiskyting

I skiskyttargruppa var det stor aktivitet der opp mot 11 løparar hadde delteke på krinsrenn. Det starta opp i september med fellestreningar mellom skiskyttargruppa og langrennsgruppa som har hatt eit tett og godt samarbeid siste året. Krinscupavslutning vart arrangert i mars over to dagar, på lite snø, men på ein god måte, står å lese.

Også skigruppa (langrenn) sleit med lite snø vinteren 16/17, men fekk arrangert nok renn i Sunnylvscupen på ski slik at det vart stor premiefest med bingo for rundt 70 løparar i påska også i 2017. Sunnylvsrennet vart arrangert med 70 deltakarar frå heile skikrinsen, eit renn som også var med i Sparebanken Møre Cup. Kristine Hjellbakk Hole var klubben sin beste langrennsløpar denne sesongen og vart både krinsmeister og vinnar av si klasse i Sparebanken Møre Cup.

Når det gjeld resultat frå konkurransar viser vi til lenke på nettsida under Lokalnytt/Lokalsport.

Trim/friidrett

Trimgruppa registrerte eit nytt godt trimår med totalt 12812 registrerte. Det vart arrangert to trimtreff, på husmannsplassen Kurlå og på Tronstadsætra. Jentebylgja vart arrangert i samarbeid med Sunnylven sanitetslag, og Hellesyltløpet under Hellesyltdagane hadde 101 løparar i fire klasser på start. Fleire har delteke i friidrett. På hellesylt.info har vi rapportert om gode prestasjonar av fleire damer, Kari-Anne Tryggestad Ryste, Hege Ringdal, Kristine Hjellbakk Hole og Anniken Hjellbakk Hole. Dei fleste resultat ligg under Lokalsport.

Hellesylt Treningssenter

Hellesylt Treningssenter held til i fyrste etasje i Trygg Trykk. Medlemstalet ved treningssenteret er rundt 50 fastbuande, men også ferierande er innom. For medlemer kan senteret nyttast heile døgnet. Prisar varierer frå 400.- kroner pr. mnd. til 2000.- kroner for eit årsabbonement.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380