Lokalnytt

Sunnylven skulekorps er i rute

Sunnylven skulekorps har hatt både Trond Otto Berg og Evgenij Zhukov (bilde) som dirigent etter nyttår. Begge dirigerte korpset under vårkonserten fredag kveld.

Det var stort frammøte på vårkonserten til Sunnylven skulekorps der filmmusikk og andre flott korpstonar svinga. Korpset er i rute til både nasjonaldagfeiring og andre oppgåver.

Kulturskulelærar Evgenij Zhukov har vikariert som dirigent for Sunnylven skulekorps i januar og februar etter at korpset sin faste dirigent Trond Otto Berg har vore ute i sjukepermisjon ei tid. Under vårkonserten var både Berg og Zhukov på plass og svinga taktstokken framfor skulekorpset.

Og det opna friskt og vilt med to dirigentar utrusta med kvar sin revolver. Det var i ville vesten der trommer small og korpstonar gjalla i lag med indianarhyl frå musikantar. Eit stilig opningsnummer som fekk både smilet og applausen fram hos publikum.

Korpset heldt fram med filmmusikk, mellom anna «Summer Nights» frå «Grease», og med eit musikkverk av ein Torvanger frå ytre Nordfjord.

Det vart lang og varm applaus for korps og dirigentar også under denne vårkonserten. Trond Otto Berg takka publikum for all den støtte bygdefolket alltid viser det unge korpset, og han håpa alle ville fortsette med å framsnakke korpset. –Vi er få, men gode, men vi treng rekruttering. I vår har vi ingen aspirantar, det håper vi å få til hausten, sa Berg. Han sa det vil bli starta opp med eit musikktilbod for alle tedjeklassingar, og då håpa han på ny rekruttering i korpsrekkene til hausten.

Under vegs i konserten overrekte styreleiar i korpset, Anita Langeland kvar sin korpssekk til tre juniormusikantar, og det var sett fram kaffi og kaker som publikum kunne forsyne seg av mot eigenprisa betaling.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380