«Dansens dag» laurdag

Laurdag er «Dansens dag» på asfalt i sentrum. Under Sunnmørsstemnet på Hellesylt i september i fjor vart det også dansa på asfalt.

Kvart år oppmodar Noregs Ungdomslag alle sine lokallag til markering av «Dansens dag». I år fell dagen på ein søndag, men Hellesylt Ungdomslag markerer dagen på laurdag 28. april.

Dansegruppa i HUL har dei siste åra brukt å markere «Dansens dag» med opptreden både på Sunnylven omsorgssenter, og for publikum i sentrum av Hellesylt. Slik blir det også i år, men då «dagen» er ein søndag har dansegruppa i HUL bestemt seg for ein tjuvstart.

Laurdag 28. april tek 30 unge og eldre dansarar fyrst turen til Sunnylven omsorgssenter klokka 11.00 for å underhalde bebuarane der. Om lag ein time seinare same dag vart det musikk og dans på asfalt framfor butikkane i Hellesylt sentrum.

Mange av pensjonærane på omsorgssenteret møtte fram for å sjå ungdom danse i fjor og no kan dei glede seg til nytt dansebesøk. Dansarane gledar seg, får vi oss fortalt og håper mange stoppar opp også i sentrum for å sjå vårgleda utfalde seg i lette dansetrinn laurdag.

Ved Coop har støttegruppa for Sunnylven bibliotek sal av vaflar og kaffi same dag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380