Notiser

Fekk gåve i høve Verdas bokdag

Her blir sofaen prøvd og lesinga i gong i lag med Solfrid frå sanitetslaget.

I samband med at det måndag 23. april var Verdas bokdag var representant for Sunnylven sanitetslag på skulen med gåve.

Denne veka fekk småskulen i Sunnylven overrekt gåver frå Sunnylven sanitetslag. Laget ønska å markere at 23. april var Verdas bokdag, og tysdag var styremedlem og tidlegare lærar ved skulen, Solfrid Onsøien Lien innom med ti nye, fine bøker. Lærar Inger Marie Bakke tok mot og takka så mykje på vegne av elevane.

Og i tillegg til bøkene hadde sanitetslaget kjøpt inn og fått på plass ein stor sofa på klasserommet. Der skulle lesestundene no foregå, og alt etter overrekkinga vart sofaen prøvd og lesinga i gong. Der blir det mange fine og spanande stunder, trur vi.

Lærar Inger Marie Bakke til høgre tok mot gåva som Solfrid Onsøien Lien overrekte frå Sunnylven sanitetslag

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380