Lokalnytt

Har fått vårpussen

Vasking av glas og renovering av skilt på framsida av kunstsenteret.

Det har blitt vårpuss både inne og ute på Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Snart skal deler av bygget få Verdsarvutstilling rundt temaet «Med naturen som inspirasjon».

Tidlegare i vinter har det blitt gjort mindre bygningstekniske endringar innvendig i Peer Gynt Galleriet for den nye utstillinga, ei spanande sak utforma av designer Anne Jorun Sæten frå Bergen, men opphavleg frå Hellesylt.

Onsdag og Torsdag var det stor dugnad på Peer Gynt Galleriet, både inne og ute, mykje organisert av Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv som også stilte med fleire i dugnadsflokken. Mange andre tok også del så mesteparten av det som var planlagt av rydding, vask, måling og meir vart gjort.

Yggdrasil blir henta i verkstaden til kunstnaren og frakta til Peer Gynt Galleriet

Opning

Søndag 13. mai er opningsdag for den nye Verdsarvutstillinga. Frå før står 11 store trerelieff utskåre av kunstnaren Oddvin Parr i galleriet. Til opninga blir eit nytt praktarbeid å sjå. Yggdrasil vart frakta frå verkstaden på Parr til Peer Gynt Galleriet sist laurdag, trerelieffet som er 2.40 meter høgt og viser det store treet som vaks til himmelen og litt til.

Vedlikehald ute, både av byggning og parkanlegg.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380