Lokalnytt

Helsesista besøkte Sunnylven skule

 

 

God stemning mellom elevar og Tale Maria Krohn Engvik som fekk plass på fanget til ein elev då vi tok biletet.

Tale Maria Krohn Engvik, heile Norges helsesyster besøkte Sunnylven skule onsdag. No blir ho helsesista på snapchat på heiltid.

Tale Maria Krohn Engvik er opphaveleg frå Ålesund, men no busett ved Oslo. Ho har utdanning som helsesyster og har jobba for Oslo kommune, men etter å ha engasjert seg for problem som ungdom møter, har reiser til møte og samtalar rundt om i heile landet blitt ein heiltidsjobb, fortel Tale. Dagleg har ho 130.000 følgjarar på Snapchat, ein kontaktkanal for samtale og formidling av gode råd. Ho har mellom anna motteke Åpenheitsprisen for arbeidet sitt.

Møtet med elevane ved Sunnylven skule kom i stand etter initiativ frå Sunnylven sanitetslag og med økonomisk støtte frå FAU, Sunnylven skule, Hellesylt Ungdomslag og Sparebanken Møre.

Som sitt forbilde, Katti Anker Møller snakkar også Tale rett ut om mobbing og rådgjerer, om kropp og seksualitet i møte med unge og eldre. Ved Sunnylven skule var det 7. klasse og ungdomssteget som møtte helsesystra som har søkt eitt års permisjon frå jobben og blir no helsesista på heiltid. Møtet med elevane skulle vare i ein time, men det vart 90 minutt med prat om mykje, små og gode augeblikk, og ting som vil forbli berre mellom elevane og alltid like smilande Tale. Stemninga var i alle høve fin mellom «elevar og lærar» der det også vart stemt i med ein av Vassendgutane sine populære låtar. Etterpå klikka det flittig på mobiltelefonar og selfie-bilete.

Tale Maria Krohn Engvik kom frå Sunndal der ho dagen før hadde snakka til skuleelevar, lærarar og politikarar. På tur til Hellesylt vart ho henta på Sjøholt.

Kari Hauso Stadheim, leiar Sunnylven nitetslag t.v., Tale Maria Krohn Engvik og Rita Rudning Røyrhus frå Sparebanken Møre som saman med FAU og Hellesylt UL støtta arrangementet økonomisk.

-Det vart nærmast som teksten i poplåta «Vestlandet», –over eit fjell, gjennom ein tunnel—. Veldig morosamt å reise rundt og møte så mykje kjekke folk, samtale, få dei gode klemmane og rett og slett ha det gøy. At eg kan få gjere det skuldast mellom anna Norske kvinners sanitetsforening som står som arrangør av mange møte, sa Tale.

Sunnylven sanitetslag var arrangør av møtet med elevane på Sunnylven skule, i samarbeid med FAU, Hellesylt Ungdomslag og Sparebanken Møre som støtta tiltaket økonomisk.

Tale var ein populær lærar på Sunnylven skule. Det vart mange selfie-bilete på slutten.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380