Lokalnytt

Ikkje X2-fest i Sunnylven

Bygdaelva har vekse seg stor og tøff grunna god snøsmelting dei siste dagane.

Det blir ikkje elvepadling i Bygdaelva i Sunnylven. Snøsmelting og stor vassføring gjer at X2-Festivalen flytter kajakk-tevlinga til elv i Ørsta.

Høge temperaturar og snøsmelting har ført til at Bygdaelva i Sunnylven har vekse til nesten ein liten vårflaum. Ved målestasjonen Øye vart det fredag 20. april registrert vassføring mellom 40 og 50 kubikkmeter i sek. Då blir forholda alt for tøffe for elvepadlarar i Steimsåsane.

Torbjørn Nordeide, ansvarleg for elvepadling under X2-Festivalen opplyste til avisa Sunnmøringen sin nettstad at vassføringa var alt for stor til å arrangere konkurransen som planlagt laurdag 21. april. Den blir no flytta til elv i Ørsta, om forholda tillet det der.

Dermed ingen X2-fest i Sunnylven i år. Som kjent er også andre konkurransar som vart arrangert med suksess i Sunnylven for to år sidan, X-Base, Speedflying og Skydiving flytta til andre stader.

«Målområdet» for kajakktevinga i Steimsåsane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380