Innspel til kommunedelplanmøte

Iris Fivelstad, pendlande sunnylving til og frå reiselivsbedrifta si, Villa Norangdal.

Iris Fivelstad er pendlande sunnylving med reiselivsbedrift. Ho har ikkje høve til å delta på folkemøte på Hellesylt om kommunedelplan for Stranda, men har sendt dette innspelet og tankane som www.hellesylt.info presenterer her.

 

-I høve komande folkemøte om vidare planarbeid for Hellesylt, onsdag 25.04, som eg diverre ikkje har høve til å vere med på, har eg laga nedanforståande innspel, som eit ope brev til Stranda Kommune, og til Sunnylvingane. Eg vonar det kan bidra til inspirasjon og auka kunnskap hjå dei som skal gjere vedtak.

Eg har sjølvsagt følgt debatten om ny reiselivssatsing på Hellesylt, og om riving vs bevaring av Grand Hotell.

Dei fleste kjenner mitt standpunkt i denne saka, ut frå mitt debattinnlegg i Sunnmøringen, og frå sak i Sunnmørsposten. Vi må ha ein heilskapleg plan for utviklinga av Hellesylt, kva for satsing vil vi ha, og kvifor, kva gjev den attende til Hellesylt?

Kva vil Sunnylvingane med utvikling/reiselivssatsing på Hellesylt? kva vil vi med hotell? Omkvedet er at «det må skje noko», vi må ha eit moderne hotell for å skape utvikling, arbeidsplasser og aktivitet. Ei levande bygd for komande generasjoner.

Underliggjande er trugselen om fråflytting og tap av skulen, og andre naudsynte kommunale tilbod. Eg meiner at når ein skal satse på bygdeutvikling treng vi ein heilskapleg strategi.

Reiseliv er ei vekstnæring i Noreg, og det vert satsa nasjonalt med mange slags tiltak. Innovasjon Norge har vore med og utforma ein strategi for næringa.

Historisk har Hellesylt vore med heilt sidan starten midt på 1800-talet. Vi har hatt cruiseskip heilt sidan starten. Samstundes har turismen auka så kraftig at den har fått miljømessige konsekvensar. I den seinare tid har mange stilt spørsmål til kor berekraftig utviklinga er. Vi har fått omgrep som masseturisme, People pollution, berekraftig reisemål, samfunnsansvar, og GrønFjord 2020. Kvar står Hellesylt oppi alt dette?

Reiselivsjournalist Christine Baglo, som ofte blir intervjua i tv og på radio, har fast spalte i Dagsavisen, her er det mange viktige spørsmål å ta stilling til:

https://www.dagsavisen.no/reise/berekraftig-turistvekst-1.780784

https://www.dagsavisen.no/reise/reiselivet-2-0-1.939574

https://www.dagsavisen.no/reise/kulturturisme-verdt-14-milliarder-1.1131038

Adventure travel trade association er ei anna kjelde til stoff å reflektere over:

https://www.adventuretravel.biz/

t.d med innlegget om den spådde kinesiske turistbølgja og kva forventningar dei har, kineserane. For det er sant at på seg sjølv kjenner ein andre, men det stemmer og at på seg sjølv kjenner ein ingen.

Ein annan trend er «meet the locals» og den såkalla delingsøkonomien. Er Sunnylvingane motiverte for å involvere seg i større grad som turistverter? Ynskjer Sunnylvingane sjølve å vere ein del av destinasjonen/attraksjonen?

https://www.urbanadventures.com/

«Vi vil ha eit moderne hotell» heiter det i debatten, «tida har gått frå Grand Hotell». Javel? er det tida, eller kompetansen, eller motet som har gått frå Grand? Kva er eit moderne hotell eigentleg?

https://www.purelifeexperiences.com/blog/how-hotels-are-harnessing-the-power-of-historical-architecture/

Då dei fleste trehotell møtte skjebna si på 60 og 70-talet var det nettopp det at dei ikkje var moderne. Dei stetta ikkje krava til branntryggleik, og dei nye forventningane til dusj og wc på rommet.

I dag har fleire krav kome til. Universell utforming til dømes og miljøkrav. I dagens reiseliv skal ein forhalde seg til ei rekkje tilsyn: Mattilsynet, El-tilsynet, arbeidstilsynet, branntilsynet og sjenkekontrollen. HMS og internkontroll. Eg har hatt dei alle på vitjing, fleire gonger. Men skal du vere berekraftig, skal du og vise samfunnsansvar, og du skal vere berekraftig økonomisk. Det siste er ikkje lett å få til. Og kva er trenden der? Eit moderne hotell inneber høg grad av automasjon, kunstig intelligens er trenden no.

Automatiske dørlåser og heile prosessen frå booking til utsjekk via mobilen, ein robot i resepsjonen? Kva meiner vi eigentleg med moderne hotell?

Den som satsar på Hellesylt, må vise den moderne turisten at bedrifta tek samfunnsansvar for Hellesylt som samfunn og for miljøet. Arbeider tett med alle aktører i bygda. Kjenner historia. Lever med den, like mykje som av den. Det er ein udiskutabel trend. Og som Steinar Sørli ved Villa Åmot seier det: «it takes a village to build a brand»

https://www.nhoreiseliv.no/medlemskap-og-fordeler/reiselivslederen/2018/steinar-sorli/

La oss ta eit steg tilbake og sjå på kven som ber bygda Hellesylt, kven er ryggraden? Jau, det er Ole Ringdal – og resten av skjelettet, det er bøndene, leverandørane til Ole Ringdal, der mange av dei jamvel arbeider i produksjonen. Også er der sjølvsagt andre viktige bedrifter og funksjoner i heilskapen Hellesylt. Og slik har det vore lenge no – det er lett å byggje vidare på.

Ei god reiselivssatsing treng eit godt namn, Ringdal er eksempelvis eit slikt godt namn. Kvifor har ikkje Hellesylt eit Brasserie Ringdal? – Der ein kan selje Hellesyltburgeren og lokalt skoten og foredla hjort. Ein stad der ein kan fortelje historia om korleis strandstaden Hellesylt vaks fram.

Om korleis bøndene alltid har funne små attåtnæringar for å overleve her, korleis dei dermed og starta skysslag, og kjøpte biler. At dei no til dags framleis leverer framifrå vare til Ole Ringdal, men at dei og melker med robot, og jobbar i Nordsjøen.

Vi har hatt, og kan få igjen, eit lokalt designmerke under namnet Ringdal. Vi kunne hatt idrettsarrangement som for eksempel «Ringdalseggen opp». Det kunne vore triveleg med bakeri. Vi hadde ein bakar: Ringdal. I sentrum av Hellesylt, der vi over tid har bygd opp kompetanse på fyrsteklasses foredling av det naturen gjev oss i verdsarvlandskapet. Der vi har vore entreprenørar, klassiske hardtarbeidande Sunnmøringar. Der er Ringdal eit godt Brand!

Branding og oppbyggjing av merkevara Ringdal på Hellesylt, vil gje meirsalg for fleire produkt ved sida av reiselivet, det hadde vore eit smart namn å satse på, for fleire, strategisk, saman. Og lett å byggje opp – digitalt. Dersom t d fleire ynskjer å gå saman om matproduksjon og sal, i større eller mindre skala, burde serveringsstaden/utsalet knytast opp mot merkjevara Ringdal.

Eg seier ikkje at «alt på Hellesylt» burde heite Ringdal, det er berre eit døme på korleis ein kan byggje fleire produkt innunder ein heilskapleg strategi.

Her kan til dømes kaihuset bli eit interessant bygg å bruke, men der er og andre høvelege forretninslokale som diverre står tomme i sentrum. Vi kan få eit prosjekt liknande Bygda 2.0 på Stokkøya. Det er eit forbildeprosjekt på bygdeutvikling.

https://fremtidensbygg.no/artikler/et-levende-bygdelaboratorium/434423

Det er fint med ny og spanande arkitektur, men der det har vore ein suksess, har den ikkje kome på bekostning av noko anna, men som ein interessant kontrast.

http://www.afr.com/lifestyle/travel/world/norways-far-north-where-outdoor-adventure-meets-bespoke-design-20180314-h0xhhh

Alle dei flotte prosjekta som set moderne arkitektur som ei ekstra kulturoppleving til naturen, ligg ganske aude til. Slik Adventure/Outdoor turisten vil ha det. Skal ein byggje opp ei merkevare, må ein ha eit godt namn, som speglar den opplevinga kunden/gjesten forventar av merkenamnet. Difor vil eg frarå eit Basecamp konsept midt mellom cruisekai og ferjekai. Nyleg var 62nord vertskap for eit reisefølgje frå denne organisasjonen:

https://www.purelifeexperiences.com/

og dei laga dette innlegget/albumet frå turen på Facebook:

https://www.facebook.com/pg/purelifeexperiences/photos/?tab=album&album_id=1926198587450536

her har dei budd i telt ute i naturen, med fritt utsyn til fjord og fjell – på Ljøen. Og dei trekkjer fram opplevingane nettopp med Hotell Union Øye – og det historiske nyrestaurerte skulehuset på Ljøen. Tvilsomt om dette publikummet vil tilrå å rive eit kulturminne for å gje plass til noko nytt, når der er rikeleg med plass på tomta. Om Grandneset seier dagens reguleringsplan dette:

11.Hotell/overnatting, områda HO1 og HO2 Innan områda HO1 og HO2 kan det førast opp bygningar for hotell, motell og overnattingshytter. Før utbygging skal det godkjennast detaljplan i samsvar med pbl § 12-3.

Planen skal m.a. fastsetje plassering av bygningar og desse si maks gesims- og mønehøgde innan ramma i denne områdeplanen sitt plankart med føresegner. ”Grand hotell” skal inngå i framtidig utbygging og andre bygningar innan område HO2 skal plasserast og tilpassast slik at ” Grand hotell” blir eit ”hovudelement” og slik at kringliggande bygningar vert plassert mot gangveg og køyreveg. Maks gesimshøgd skal då ikkje overstige Grand hotell sine gesims- og mønehøgder.  Viser elles til bestemmingane i § 15 om omsynssone.

For område HO1 skal bygningsmassen med fasade mot tilgrensande parkareal vere senka til maks 2 etg. i breidd minst 10 meter. Som grunnlag for detaljplan gjeld elles:

Innan område HO1: Bebygd areal skal ikkje overstige BYA=2500 kvm² Innan område HO2: Bebygd areal skal ikkje overstige BYA= 2500 kvm² Samla for HO1 og HO2 gjeld likevel: Overnattingsfunksjonen er avgrensa til 75 gjesterom. Område HO2 er regulert til: Bevaring kulturmiljø.

Sitat slutt.

Å bevare Grand tyder ikkje at ein må nytte sjølve dagens Grand Hotell til overnatting. Bygget kan ha funksjon som resepsjon, serveringsstad, møterom, selskapslokale, galleri, atelier for «in residence kunstnar», skrivestove, tesalong, utsalsstad, peisestove og eit uttal andre moglegheiter. Eit bevart kulturmiljø i ei heilskapleg satsing. Grandtunet kanskje?

Eg er viss om at dei røynde arkitektane hjå Snøhetta kan få til ein slik kombinasjon. Og med eit slikt budsjett er restaurering økonomisk berekraftig. Det handlar om byggteknisk kompetanse og om reiselivskompetanse. I Trondheim pusser Reitan opp Hotell Britannia for 1 milliard kroner.

https://www.nrk.no/trondelag/bruker-over-en-milliard-pa-nye-britannia-1.13238535

«Uansett hvor fint det bygges, er det service- og prestasjonskulturen vi klarer å etablere, som vil være helt avgjørende for vår suksess, sier Gjerde» eit sitat det er verdt å ta med seg for alle som vil drive hotell eller innan reiseliv.

Så til det maritime:

Cruisekaia på Hellesylt er komen for å bli. Hellesylt har lange tradisjoner for cruise, og er blant dei eldste anløpshamnene i Noreg. Her er det moglegheiter for å utvikle miljøtiltak saman med Stranda Hamnevesen, som går med godt overskot, GrønFjord2020 og Verdsarvorganisasjonen, samt Miljøsenteret på Runde og Sunnmørsbedrifta JETS. (dei leverer vakuumtoalett til skipsindustrien og fritidsbustader) Alle typer avfall frå cruise frå søppel til gråvatn og svartvatn kan gjerast til ein ressurs.

Her er det mogleg å utnytte resterande areal på kaia til ein GrønFjord miljøstasjon, samt vidare å utnytte for eksempel ledig areal i den gamle Ljøtunellen til eit miljøanlegg som kan bli eit forbilde på mellom anna gjenvinning av svovel.

Det ferdig reinsa vatnet kan gjerne ende i ein foss, direkte attende til fjorden. Korleis vil ein mogleg slik miljøstasjon passe inn i ei heilskapleg satsing? med reguleringsplanen – visuelt og ellers?

Vi står og framføre ei utvikling når det gjeld framdrift. Hurtigruten har nett valt ei miljøoppgradering basert på elektrisk framdrift og gass i hybrid. The Fjords, som driftar sambandet til Geiranger i dag, satsar og elektrisk.

Eg har tidlegare kommentert prosjektet om Hydrogen på Hellesylt, som eg meiner førebels ikkje er godt nok utgreidd med omsyn til korleis prosjektet heilskapleg passar inn i reguleringsplanen ift til dømes risikovurdering som ikkje føreligg.

Her må det kome på plass ein heilskapleg plan: Blir ferjekaia flytta, eller blir ho ikkje – slik det er synt i reguleringsplanen. Og kva har framtidige alternative framdriftsløysingar å seie for arealplanlegging i kaiområdet, innanfor dei begrensningane som ligg i reguleringsplanen. Det kjem ny båtrute på Hjørundfjorden, med auka busstrafikk til Hellesylt.

Har vi planlagt godt for parkering, servicebygg med toalett, søppel og renovasjon? Alle desse utfordringane som auka trafikk kan føre med seg? Ser fram til ein god og nyansert debatt om sentrumsutviklinga i Hellesylt.

mvh

Iris Fivelstad

pendlande Sunnylving med reiselivsbedrift.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380