LokalnyttLokalsport

Lånte keeper, slo Honndalen

Foto frå arkivet: (Jubelscener frå Hellesylt stadion sist Sunnylven var KM-vinnar 6. divisjon)

Sunnylven stiller 7er lag herrer i seriefotball i år. Torsdag var det fyrste test for det «nye» laget mot Hornindal på bortebane.

Det vart kalassiger for Sunnylven herrer då dei testa forma mot Hornindal torsdag kveld. Kampen enda med 10-4 til gjestane over naboen i sør. Trenarar for Sunnylven 7er er Kim Sture Flo og Alf Ole Sundgot.

Resten av spelarane er; (mål mot Hornindal) Kristian Andre Frøysadal Hauge (2), Magnar Tufte Tyssen (1), Pawel (polsk) (2), Daniel Støverstein (1), Daniel , Leif Rune Tryggestad (1), Trygve Aaland Tryggestad (1), Jørgen Sæter, Ottar Hellebostad. I tillegg Alf Ole Sundgot (2).

Det var ein god kamp fortel Sundgot på telefon. Det er stor optimisme framfor seriestart som er mot Valldal på bortebane onsdag 2. mai. Til då må laget få på plass eigen keeper. I treningskampen lånte dei målmann av vertane. Han var god. Fyrste heimekamp er mot Emblem 8. mai.

Sunnylven J14 kunne juble for siger i fyrste kamp mot Valldal. (Foto: Wenche Høgalmen Ringdal)

Også jentene og gutane vann.

I ein kamp på Hellesylt stadion vann G 14 17 – 3 over Volda. Og på bortebane onsdag vann J 14 7 – 5 over Valldal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380