Lokalnytt

Nye opplevingar i Peer Gynt galleriet

Ein ny vegg deler inngangspartiet frå utstillingslokale

Det er arbeid på gang for å skape nye opplevingar i Peer Gynt galleriet på Hellesylt. I mai opnar ei Verdsarvutstilling i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

«Med naturen som inspirasjon» er paraplyen over den nye utstillinga i Peer Gynt galleriet som opnar 13. mai. Teknisk sett skal utstillinga handle om Verdsarven, har Merete Løvoll Rønneberg, koordinator for Verdsarvutstillinga på Hellesylt sagt.

Heile Sunnylven er ikkje innafor verdsarvområdet, men i kunstgalleriet på Hellesylt kjem mykje av det Sunnylven er kjent for, ein presentasjon av området, naturen, kulturpersonar, kunstnarar og deira arbeid, og meir. Utstillinga vil ha bilete, film, og installasjonar av stein og stoff, slik vi er kjent med.

Dei siste dagane er det blitt gjort nokre små bygningstekniske endringar inne i lokala for å få god plassering for dei ulike elementa. Det er sett opp ein ny vegg som deler inngangspartiet og vestibylen. Biletet frå verkstaden til kunstnar Oddvin Parr er flytta frå vestibylen og blir no det fyrste ein møter før «Bokkerittet», «Bryllup på Hægstad» og dei andre trerelieffa i kunstlokalet.

Det er designer Anne Jorun Sæten som står for utforming av Verdsarvutstillinga som vil bli ei ny oppleving i Peer Gynt galleriet.

Biletet frå verkstaden til kunstnaren Oddvin Parr har fått ny plassering.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380