Notiser

Samlar «lopper» måndag

Nestleiar i sanitetslaget, Hilde Langlo Brekke midt i haugen av fine loppevarer under innsamling i 2016.

Måndag tek Sunnylven sanitetslag mot ting til loppemarknaden under Hellesyltdagane. Dei ønskjer seg alt av fine ting, men ikkje klær og sko.

Sunnylven sanitetslag satsar på loppemarknad nok eit år under Hellesyltdagane, eit tradisjonsarrangement som er mykje gamlare enn sjølve sommarfesten på Hellesylt.

Måndag 23. april håper sanitetsdamene å få inn fine, heile og reine ting nok ein gong, gjenstandar som freistar til handel når loppemarknaden opnar tidleg laurdag 7. juli.

Mottak av ting er i vestibyla på Sunnylven samfunnshus måndag 23. april frå klokka 14.30 til 18.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380