LokalnyttLokalsport

Siger og uavgjort i fotball

G16-laget, Sunnylven sitt neste storlag? (Arkivfoto)

Torsdag vann damelaget 6-1 over MSIL, og fredag spela G16 uavgjort 6-6 mot topplaget Langevåg 2.

Sunnylven har fått fram eit godt guttelag. G16 leiar si avd. 3. div. 9-ar og har fire poeng etter to kampar, same poengsum som Langevåg 2. Og nettopp dei to topplaga møttest på Hellesylt stadion fredag. Det vart eit tett og spanande oppgjør som enda avgjort 6-6.

Damelaget vann

Dagen før spela damelaget Stranda/Sunnylven på bortebane mot MSIL. Det vart ny siger 6-1. Laget står med 6 poeng etter to kampar. Systrene Lade, Bertine og Olene donka inn heile fem av måla, Bertine 2 og Olene 3. Andrea Lie Kirkhorn skåra eitt. MSIL sitt mål var sjølvmål av gjestane.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380