Notiser

Spekematfest på Tronstad

Tronstad Grendahus blir samlingsstad for ein ny spekematfest. Her er storstova i Langedalen avbilda ein vårdag i 2015.

Har du huska å melde deg på Spekematfest på Tronstad Grendahus laurdag 14. april. Fristen går snart ut.

Det er mykje snø på Tronstad i år, men vegen og parkeringsplassen ved grendahuset er og vil vere rydda når Tronstad Grendalag opnar dørene for den årlege spekematkvelden med dans laurdag 14. april. Der blir det servering av vårt tradisjonelle spekematbord, også av hjort, kaffi og kaker. Og i 10 år gamle «Kokartjønna» blir det sal av forfriskningar. står å lese i innbydinga som er sent ut.

Etter servering og ut i dei små timar blir det dans til musikk av A.P.S.Lonely. Alt dette, både servering og dans for 250.- kroner.

Du kan melde deg på årets Spekematfest både på mobil og sms. Sjå aktivitetskalendar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380