Lokalnytt

Stilte ut historisk sportsutstyr

Synnøve Kjellstad t.v. og Marit Hellebostad viser her fram 70 – 80 år gamle hoppski.

Kontrastane var store til dagens sportsutstyr då Sunnylven bygdekvinnelag hadde samla og viste fram mellom anna idretten sine ski og skjeisse frå før 1990 på Sunnylven samfunnshus laurdag.

Mange kom til Kafé Snurrepiperier på Hellesylt laurdag. I Sunnylven samfunnshus hadde bygdekvinnelaget laga utstilling av sportsutstyr frå før 1990. På eine vegg fann vi litt nyare ski og stavar, og kontrastane til nær hundre år eldre utstyr var stor. Daniel André Tande og dei andre stjernene på hopplandslaget hadde neppe nådd mange pallplassar på Kongsbergskia frå 1947 som var utstilt. Heller ikkje Johannes Høstflot Klæbo eller Ragnhild Haga hadde samla mange gullmedaljar på langrennskia på utstillinga, sjølv med mange lag glider og pulver under.

Utstillinga viste at det har blitt ein stor revolusjon innan utstyret som dagens sportsutøvarar nyttar. Også skeisse var der fleire modellar av, både Ballangrud med og utan fast støvel, og andre modellar som var heimelaga. Truleg var dei til mykje glede på glattisen den tida dei vart brukt.

Det vi sakna var kanskje sportsutstyret for sommaraktivitetar, det var litt lite utval av både løpesko, fotballsko og drakter, men badedrakt og badehetta var på plass.

Her er eit bord med litt klær og skisko, og badeutstyr som var vanleg på badestranda.

Likevel, flott utstilling nok ein gong av Sunnylven bygdekvinnelag. Og når bygdekvinnelaget inviterer hadde også kaféen varer av topp kvalitet. Der var det sal av brennsnut, kaffi og mange gode kaker.

Litt nyare langrennsutstyr hadde også fått plass på Sunnylven bygdekvinnelag sitt arrangement Kafe Snurrepiperier.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380