Lokalnytt

Bier får bustad

Elevar og lærarar planlegg dagens gjeremål i Hellesylt Bygdetun.

I strålande sol tysdag gjekk turen til Hellesylt Bygdetun for elevane på mellomsteget ved Sunnylven skule. Dei hadde eit viktig oppdrag, å produsere bie-hotell.

Mellomsteget ved Sunnylven skule tel meir enn 20 elevar. I Hellesylt Bygdetun vart dei delt inn i grupper for å jobbe sjølvstendig, med litt rettleiing frå fire lærarar. Etter kvart var 12 bie-hotell ferdig og hengde opp rundt om i bygdetunskogen.

I skuggen på låvebrua hadde fire elevar etablert «verkstaden» sin. Konrad Lade, Helene Hellebostad, Ari Kjellstadli og David Røyrhus var saman på gruppe, det var gruppe 1 A, fekk vi oss fortalt. Dei skulle lage to bie-hotell, samansett av to plankebitar til ein kubbe på ti gange ti centimeter og med skrått tak i eine enden.

Gruppe 1A kalla dei seg, frå høgre Konrad, Helene, David og Ådne.

Hola i klubben varierte frå 4 til 10 millimeter, så dei håpa på både store og små bebuarar. –Kvefs vil vi ikkje ha, men humler er hjarteleg velkomne i store flokkar, for dei gjer mykje nyttig arbeid, sa Konrad, noko dei andre var samde i.

Og boremaskinene dura, det vart mange hol i treklubbane. Kor mange talde vi ikkje, men det vart heilt sikkert rikeleg av bie-hotell med boligar i Hellesylt Bygdetun før mellomsteget var ferdig med skuledagen.

 

Her er det Ørjan som jobbar med boremaskina.
Og så var det matpause for Selma, Marie og alle dei andre frå mellomsteget.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380