LokalnyttLokalsport

Kom heim med tre poeng

Sunnylven 7er starta serien med siger. Det kan bli mange jubelscener, som i 2012.

Sunnylven sitt nye herrelag i fotball kom heim med tre poeng etter siger 5-4 borte mot Valldal i årets fyrste kamp i 7er-serien for Sunnmøre.

Det vart eit jamt oppgjør på Valldal stadion der Sunnylven var i føringa gjennom begge omgangar. Ved pause leia gjestane Sunnylven 2-1 etter skåringar av Leif Rune Tryggestad og Magnar Tufte Tyssen.

Andre omgang starta med mål til Valldal, men Trygve Aaland Tryggestad donka inn 3-2, og litt seinare ordna Magnar Tufte Tyssen sitt andre mål i kampen og 4-2.

På slutten gjorde Valldal to mål og det stod 4-4 noko som ville gje poengdeling. Men eit langt innkast av Daniel Støverstein avgjorde til siger for gjestane då Valldal sin keeper slo ballen i eige nett. Dermed enda kampen 5-4 til Sunnylven. -Vi tok dei på kondisen, hevda spelarane på vinnarlaget.

Startoppstilling til Sunnylven:
Jørgen Ringdal Sæter, Kim Sture Flo, Magnar Tufte Tyssen, Trygve Aaland Tryggestad, Daniel Støverstein, Ottar Frøysa Hellebostad, Leif Rune Tryggestad.

Innbyttarar: Robert Tryggestad, Eivind Louis Helset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380