LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2018

Rune Rudberg til Hellesyltdagane

Rune Rudberg og band spelar til dans under Hellesyltdagane laurdag 7. juli.

Countryartisten Rune Rudberg og band kjem til Hellesyltdagane og festivalen laurdag 7. juli for å spele under dansen på Ole Ringdal`s plass.

Artisten Rune Rudberg har turnert landet og arrangement for danseglade i meir enn 30 år. I juli står han og det seks mann store bandet på scena når laurdagsdansen blir arrangert under Hellesyltdagane.

Gjennom eit artistliv som tok av for fullt med landeplaga «Ut mot havet» i 1988 har det blitt ei lang rad album og singlar frå 57 år gamle Rune Rudberg, fødd og oppvaksen i Trøgstad i Østfold. Det meste av karriera har han turnert med eige band, men var også innom dansebandet Skandinavia som vokalist ein periode.

Melodi Grand prix

Spelejobbane står i kø for dei populære artistane. Til Hellesylt kjem dansebandet frå Arendal etter ti spelejobbar berre i juni, og turnereisa held fram til dansefestival i Sel.

Som kjendis har countryartisten stadig fått sine overskrifter i tabloidpressa både for privatliv og anna, men også for melodiøse «varer», som deltaking i Norske Melodi Grand prix fleire gonger og så seint som i 2017 med låten «Run Run Away».

Rune Rudberg band består av; Rune Rudberg vokal, gitar, Tor Bratsvik bass, Egil Brattås gitar, Bjørn Teig tangent, Geir Hilsen trommer, Tore Blestrud steelgitar.

Tico på Øcal

Det er Ramazan Øcal som står for dansearrangementet under Hellesyltdagane. Øcal opplyser at opplegget er det same som i fjor på Ole Ringdal`s plass midt i Hellesylt sentrum. Heile området blir inngjerda under dansearrangementet og det blir sett opp eit stort festivaltelt.

I tillegg til Rune Rudberg blir også trubadur Tico å høyre både under festivaldansen og på Øcal restaurant fredag kveld 6. juli. Der er det begrensa med plass så alle som har lyst å oppleve Tico på Hellesylt også i år bør sikre seg billett i god tid. Billettsalet startar rundt 15. juni, opplyser Ramazan Øcal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380