Lokalnytt

Fekk storlaksen fyrste dagen

Jonas Strand med den flotte laksen han fekk på kroken i Korsbrekkeelva på opningsdagen. Seinare i sommar prøver han om fiskelukka held fram. (Foto: Jan Helge Andreassen)

Laksefisket i Korsbrekkeelva fekk ein pangstart på opningsdagen. Det vart landa fire laksar, den største på 12.6 kilo.

Jonas Strand frå Skodje fekk oppleve den store fiskelukka på opningsdagen i Korsbrekkeelva. 12.6 kilo vog lakseruggen som slo til på makkeagnet i Steimshølen. Det var artig og ei spanande oppleving for sportsfiskaren som tidlegare har fiska berre i sone to som er ovanfor fossen.

Det vart med den laksen på opningsdagen for Jonas Strand. Han fiskar i fleire elvar, både i Aureelva og i Stordalselva når den opnar. Og seinare i sommar blir det ny helg i Korsbrekkeelva og tolmodige forsøk på å få nye storlaksar på kroken. -Det gjeld om å ikkje gje opp sjølv om det skulle ta si tid før ein får fast fisk igjen, seier storfiskar Jonas Strand på telefon.

På dei fire fyrste dagane etter opning av fiske 1. juni er det landa fem laksar i Korsbrekkeelva.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380