Lokalnytt

Imponerte på kyrkjeorgelet

Domorganist Ivan Sarasjishvili ved orgelet i Sunnylven kyrkje.

Organist Ivan Sarasjishvili fekk fram det beste på orgelet i Sunnylven kyrkje måndag. Konserten vart eit vakkert musikalsk sommarminne.

Det vart ein god time med meisterspel på Jemlich-orgelet i Sunnylven kyrkje måndag kveld. Domorganist Ivan Sarasjishvili hadde eit konsertprogram med verk frå mange kjente komponistar, som Bach, Vivaldi, Homilius, Schumann og Couperin.

Fleire har imponert på det 34 år gamle orgelet i Sunnylven kyrkje. Men når ein meister let fingrane leike over tangentane kjem kvalitet og toneprakt til sin fulle rett. Det gjorde det måndag kveld. Mykje vakker og mollstemt musikk fylte det store kyrkjerommet i det 159 år gamle bygget og akustikken frå tømmerveggane klang med. Spesielt imponerande var «finalen», Johan Sebastian Bach sin verdskjente orgelkonsert, «Toccata i fuge og d-moll».

-Sunnylven kyrkje har eit godt orgel, solid bygd, men med små endringar kunne det blitt enno betre. Så bruk litt pengar og få fram enno meir toneprakt, sa Ivar Sarasjihvili på spørsmål frå hellesylt.info.

Konserten i Sunnylven kyrkje var den tredje av fire for domorganisten i Stavanger domkyrkje. Før Hellesylt hadde det blitt konsertar i Borgund kyrkje og Geiranger kyrkje. Han var glad for at meir enn 30 personar kom til konserten i Sunnylven. Det skulle vore enno fleire, synest vi.

Lokal kontakt for konsertane med Ivan Sarasjishvili har vore organist Gunnar Inge Eide.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380