Lokalnytt

Peer Gynt Galleriet har opna for sesongen

Ved Peer Gynt Galleriet på Hellesylt er det dagleg ope fram til slutten av august. Her er kunst i verdensklasse og hyggelege tilsette, to av dei her på bilde, dagleg leiar Pål Sæter og Andrine Kalvatsvik.

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt opna 23. juni og vil ha dagleg ope fram til 26. august.

Pål Sæter er tilsett som dagleg leiar ved Peer Gynt Galleriet denne sesongen. Sæter har sine slektsband frå Nordmøre, men etter at familien flytta til Geiranger for mange år sidan kan han også rekne seg som god Sunnmøring.

I Geiranger har Pål Sæter hatt sommarjobbar innan turisme frå han var 12 til 19 år. Det førte også til språkleg påfyll der han i omgang med turistar lærte seg å forstå og snakke fransk. Seinare har han også jobba i Oslo ei tid før han no har starta ei utdanning innan organisasjon og leiing. At turisme kan bli yrkesvalet er ikkje utenkjeleg, seier Sæter.

Vi møtte Pål Sæter den tredje dagen i leiarjobben ved Peer Gynt Galleriet. Så langt har det vore rolege dagar, men han håpa på fleire innom når fellesferien startar.

I år har kunstsenteret på Hellesylt ei ny utstilling å vise fram. I tillegg til Peer Gynt-relieff som senteret så langt er vide kjent for, er det kome ei Verdsarvutstilling kring temaet «Med naturen som inspirasjon». Utstillinga er avgjort verd eit besøk.

I kafeen er ei lita souveniravdeling, og der er enkel servering med sal av kaffikjeks, vaflar, kaffi, te, brus, øl og vin.

I tillegg til dagleg leiar Pål Sæter har styret i Peer Gynt Galleriet tilsett to andre, Irene Frøysa og Andrine Kalvatsvik for sesongen. Opningstider er kvar dag frå kl. 10.00 til 18.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380