Lokalnytt

Pensjonistar på sommarutflukt

Fellesbilete midtvegs på Panoramavegen (Foto: Karl Kristian Langeland)

Medlemer i Sunnylven pensjonistlag har vore på sommarutflukt, mellom anna på luftetur til Hoven i Loen.

Foto: Karl Kristian Langeland / Lars Fivelstad

Sunnylven pensjonistlag fylte ein 50-seters buss då dei sist veke la ut på tur til Nordfjord og Loen.

Reisa gjekk først til Loen, til Hoven og Sæten. Deretter attende til Stryn og Panoramavegen til Lote og Nordfjordfjordeid, før kursen vart sett heimover att.

I Loen venta eit av høgdepunkta der det vart gondoltur til Hoven, turistattraksjonen som har hatt stor pågang etter opninga i fjor. På toppen og i strålande ver breidde Nordfjord seg ut med fantastisk utsikt, og på restauranten vart det servering.

: Det vart god stemning i tunet då desse tre blad Tryggestad tok opp tonen til allsong. Frå venstre: Arnfinn, Asbjørn og Knut. Leiaren i Pensjonistlaget, Astrid Langeland sit heilt til venstre

På Sæten

Ein opplevingsrik dag for knappe 50 pensjonistar frå Sunnylven vart avrunda med eit besøk innom heimetunet til Rolf Sæten i Lodalen der han og kona Oddbjørg fortalde og viste fram mykje interessant.

Rolf Sæten inviterte turdeltakarane til heimegarden sin Her fortalde Rolf litt om garden, og det vart servert frukt og forfriskingar.
: Oddbjørg Hole Sæten fortalde om gamlestova i tunet. Her var det mykje interessant både å sjå og høyre om.
Åse Lie, Liv Sørheim og Kjelly Frøysa kosar seg oppe på eit utkikspunkt på Hoven

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380