LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2018

Store Kvakk tilbake

Store Kvakk er klar for Hellesyltdagane, seier Marianne Fivelstad t.v., her saman med eit tantebarn som også gledar seg over at anda er friskmeldt.

Store Kvakk måtte ein tur på «hospitalet» for å få lege skadar som oppstod då den rømde ut Sunnylvsfjorden nyleg. No er den store anda tilbake og overvakar Hellesyltdagane.

Store Kvakk stakk av då arrangøren plasserte den på sjøen like ved kaia på Hellesylt. Der vart det for einsamt og dermed sleit Store Kvakk seg og rømde ut Sunnylvsfjorden. Heilt til Ljøen gjekk turen før ho vart innhenta.

Det var eit litt vanskeleg slep å få den tilbake til Hellesylt, og på land viste det seg at anda var skada. Ho måtte til PVC Almenningen «hospital» i Høydalen. Der vart åtte avrivne «scener» reparert og det vart «sydd» ti sting i nakken.

No er Store Kvakk i fin form, men den får ikkje plaske på sjøen i år. Den er i staden plassert på taket til Hydro-stasjonen på Hellesylt, der ho var også i fjor. Og det må vel vere ein god plass. Her i frå har ho oversikt over målgangen i Det store andesleppet søndag, og Store Kvakk har oversikt over alt som skjer under Hellesyltdagane.

Store Kvakk er plassert på taket til Hydro-stasjonen. Der i frå har den full oversikt, også over andesleppet søndag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380