Lokalnytt

Etterlyser svar på kraftutbyggingsanke

I juni 2016 var NVE på synfaring ved dei tre omsøkte kraftprosjekta, saman med representantar for utbyggjar, fallrettseigarar, folk frå friluftsorganisasjonar og kommunen. Her i Haugedalen med ei vassrik elv.

NVE gav i 2017 konsesjon for utbygging av tre nye kraftverk i Sunnylven, Langedalselva Kraftverk, Hauge Kraftverk og Røyrhus Kraftverk. Fleire klaga på vedtaka og ankeavgjerd frå olje –og energidepartementet dreg ut.

Næringssjef i Stranda Inge Bjørdal har tidlegare etterlyst svar frå OED. Avgjerda har drege ut og no etterlyser han på nytt svar på ankespørsmåla, men å kome i kontakt med olje –og energidepartementet har vist seg vanskeleg. No bed han i e-post til departementet om eit svar, eller namn på rett kontaktperson for desse utbyggingssakene. Om ei avgjerd dreg meir ut fryktar næringssjef Bjørdal at ei eventuell utbygging kan gå glipp av el-sertifikat.

Det var i mai 2017 at NVE ut frå planar og søknader gav konsesjon for utbygging av Langedalselva Kraftverk, Hauge Kraftverk og Røyrhus Kraftverk, tre nye kraftprosjekt som ville gje rundt 40.0 GWh i ny, rein, fornybar energi. Også ei ny kraftlinje mellom Tryggestad og Tomasgard i Hornindal fekk konsesjon for bygging mot at det vart gjort investeringsavgjerd for ny kraftproduksjon på 8.4 MW.

I løpet av våren og sommaren kom det inn klage på vedtaket til NVE, mellom anna frå Naturvernforbundet, Fylkeskommunen og frå fallrettseigarar til Langedalselva Kraftverk. Saka har gått til Olje- og energidepartementet for avgjerd.

Reknar opp store ulempe

I anke framsett mot utbyggingsprosjekta blir det peikar på forringa livskvalitet for både folk, flora og fauna etter ei utbygging. Naturopplevingar og friluftsinteresser blir skadelidande, det vil bli sår i terrenget etter utbygginga, redusert vassføring for elvepadlarar og endra topografiske forhold for vegetasjon. Sjeldne plantar kan døy ut. Også fauna, mellom anna Fossekallen, norges nasjonalfugl vil bli i villreie om kvar han skal finne trygge reirplassar.

I fjorden til ingen nytte

Lite blir det vist til kva verdiar ei utbygging av dei tre kraftverka vil gje. Dag og natt renn det tusenvis av kubikkmeter vatn i Sunnylvsfjorden som gjennom kraftproduksjon kunne gje ljos, varme og inntekter til gode formål for samfunnet.

Landstraum til cruisekaia

Eit godt gjennomarbeida forprosjekt for hydrogenproduksjon av overskytande kraft i Sunnylven ligg på bordet, ein energi som vil kome om ein skal nå målet om «sporlaus ferdsel» i Verdsarvområdet. Då bør også landstraum til cruisekaia på Hellesylt vere ei oppgåve å få løyst. Kaia har i tillegg til cruisetrafikk blitt nytta som ankringsplass for båtar utan oppdrag og som skaffar seg energi med bruk av olje.

Straum for 2000 husstandar

Data for dei tre planlagde kraftverka som til saman vil gje ca. 40 GWh eller straumforbruket til 2000 husstandar:

Langedalselva Kraftverk:

Produksjon: 20.30 GWh. Fallhøgd: 52.5 meter. Vassveg: Tunnel/røyr ca. 1050 meter. Utbyggingskostnad: 3.50 kr/kWh

Røyrhus Kraftverk:

Produksjon: 6.40 GWh, Fallhøgd: 62.0 meter. Vassveg: Røyrgate ca. 970 meter. Utbyggingskostnad: 3.60 kr/kWh

Hauge Kraftverk:

Produksjon: 13.6 GWh, Fallhøgd: 535 meter. Vassveg: tunnel/røyrgate ca. 1850 meter. Produksjonskostnad: 3.87 kr/kWh.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380