Notiser

Knallsterk 6. plass i feltfinale

Dag Andre Hauge til høgre kom på 6. plass i feltfinalen. Trygve Aaland Tryggestad lukkast ikkje så bra denne gongen. (Foto: Rune Tryggestad)

Dag Andre Hauge viste storskyting under dagens NM feltfinale og kom på 6. plass.

Ikkje berre dei unge med etternamn Hauge skyt blink under Landsskyttarstemne i Stjørdal. I dagens finale felt overraska far Dag Andre Hauge og tok ein knallsterk 6.plass med 12/7. Vinnar vart Tom Arild Homme med 12/9.

Trygve Aaland Tryggestad lukkast ikkje som vi veit han kan og fekk 9/3 og ein plass litt nede på resultatlista.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380