Lokalnytt

Nytt skuleår starta måndag

Tre elevar hadde sin fyrste skuledag måndag. Frå venstre Erle Kvamme Rusten, Ane Brenne Ringdal, Fredrik Fivelstad Stadheim. Læraren deira er Grete Bjørdal.

Måndag ønska rektor Roar Seljeset vel møtt til elevar, lærarar og andre tilsette til eit nytt skuleår ved Sunnylven skule.

Ved Sunnylven skule er det 67 elevar skuleåret 2018/19. Det er sju mindre enn i fjor då ti elevar gjekk ut etter at dei var ferdig med grunnskulen.

Måndag hadde tre nye elevar sin fyrste skuledag. Dei tre, Erle Kvamme Rusten, Ane Brenne Ringdal og Fredrik Fivelstad Stadheim vart presentert av Roar Seljeset og godt mottekne med vakre songar slik tradisjonen er, «Fyrste dag i fyrste klasse» og «Fyrste skuledagen min», av Ingebrigt Davik.

Rektor fortalde om talet på elevar i dei ulike klassene og namn på lærarane og andre tilsette. Ny lærar ved skulen frå i år er Marthe Kalvatn frå Hornindal. Rektor Roar Seljeset avslutta samlinga i gymsalen med å ønske alle eit godt skuleår

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380