Lokalnytt

Skulestart måndag 20. august

Skuleåret 2018/19 startar måndag 20. august kl. 08.30 ved Sunnylven skule

Skulestart i Stranda kommune for skuleåret 2018/19 er måndag 20. august. Det melder kommunen på si nettside.

Ved skulane i Sunnylven, Geiranger og Stranda ungdomsskule startar skuledagen kl. 08.30, Ringstad skule 08.25, medan Liabygda skule tek til 08.15.

Skuleskyssen går i hovudsak som tidlegare, står det å lese på kommunen si nettside.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380