Lokalnytt

Bra besøkt brannstasjon.

Ein ung brannvernar får forsøke seg på slokking av brann med pulverapparat.

I anledning brannvernveka 2018 vart det arrangert open dag på brannstasjonen i Ringdalsåsane. Veret var ikkje det beste, men det vart likevel eit godt besøkt arrangement.

Her kunne ein mellom anna prøve kunnskapen om brannførebygging i form av rebus. Borna fekk prøvesete brannbilane til brannvesenet og det var høve til å vere med å slokke brann med pulverapparat. Dei som ynskte det kunne og få omvisning på stasjonen.

Brannvernveka set fokus på å unngå brann, men også rett måte å sløkkje på om uhellet skulle vere ute. Under open dag vart det snakka om kva som er viktig for å unngå brann og døme på sløkking.

Fredrik får prøve brannslangen, assistert av Frode Nessan.

Brannvernveka er ei landsomfattande informasjonskampanje i veke 38 som vert arrangert av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap og IF skadeforsikring, saman med brannvesen og el-tilsyn over heile landet.

Veka har vore arrangert heilt tilbake til 2002. Det er ikkje tilfeldig at den vert arrangert om hausten. Då går vi inn i den årstida der talet på boligbrannar vanlegvis aukar kraftig. Dette fungerar då som ei påminning om brannsikkerheit før vi skrur på varme og belysning, tenner levande ljos og fyrer i omnen.

Hellesylt brannstasjon.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info