Lokalnytt

Frå Russland til Stranda Kulturskule

Under julekonserten i Sunnylven kyrkje spela Evgenii Zhukov på tverrfløyte. Ved orgelet kollega Gunnar Inge Eide.

Evgenii Zhukov er fødd og oppvaksen i byen Astrakhan nær Det Kaspiske hav i Russland. Yrkesvalet vart musikk og jobben fann han i Stranda kulturskule.

Etter jobbar både i orkester og teater heime i Russland hamna Evgenii i Tromsø og musikkonservatoriet der han lærte barokkmusikk. Til Stranda og jobb kom han for vel eit år sidan så no er han godt i gong med andre året som lærar i Stranda kulturskule. Sjølv om språket var eit anna der han vaks opp i byen Astrakhan sør i Russland snakkar han i dag godt norsk. Og i sin nye jobb i Stranda kulturskule likar han seg godt. Her er både greie barn, hyggelege kollegaer og andre folk, og ei fantastisk natur for turar, seier han.

Har elevar på piano

På Hellesylt underviser han to dagar i veka elevar frå 3. til 10. klasse i piano. Han dirigerer også Stranda skulekorps og Valldal skulekorps, og er treblåsarlærar for elevar i Stordal. Det blir med andre ord ei hektisk arbeidsveke med ein del reising. Evgenii Zhukov spelar sjølv fleire instrument, mellom anna piano, fløyte og saksofon.

Ny deltaking i Veslefrikk

Framleis er det litt tid før komposisjonsbidrag til musikkonkurransen Veslefrikk skal leverast inn. Sunnylven skule skal delta også i år, seier han og antydar at øvingane startar rundt nyttår. I år blir det truleg ungdomsskulesteget som skal komponere. -Artig at det er så populært og at skulen alltid har gjort det godt, ikkje minst i 2017 då dei vann, legg han til.

Rosar samarbeidet

Evgenii Zhukov rosar samarbeidet mellom kulturskulen og skulen på Hellesylt, det fungerer fint, og sjølv får han skryt frå mange for jobben han utfører. Han likar seg godt i Stranda og frå i år har han også fått si norske dame som kollega. Dei to vart kjende med kvarandre under studiane i Tromsø, fortel Evgenii. Ho starta i jobben som lærar på piano og song i Stranda kulturskule i august.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380