Lokalnytt

Hjelper andre gjennom valfag

På trilletur til badestranda med Anna Jorunn Ljøen t.v. og Åse Øksvang. Elevane er frå venstre Sigrid Imilie, Natalie, Sara og Johanne. I midten, Monika Årdal, tilsett ved omsorgssenteret. (Foto: Ruth Hole Aaland)

Ved Sunnylven skule har 12 av i alt 22 elevar på ungdomsskulesteget valfag «Innsats for andre».

Tolv elevar ved ungdomssteget ved Sunnylven skule har knytt opp sitt valfag mot institusjonar og organisasjonar i bygda. Nokre har valt barnehagen, andre SFO og fire har læring og tilbyr ei hjelpande hand ved Sunnylven omsorgssenter.

Til no har dei besøkt heimen to dagar der dei fire i korte økter har teke del i dagleg omsorg, mellom anna med trilletur av bebuarar og baking på kjøkkenet. Neste fredag er dei der igjen.

Einingsleiar Siw Vangen synest det er veldig kjekt å få besøk av fire elevar og at dei viser omsorg for pensjonistane. Ho legg til at dei har gjort eit godt val som kom til omsorgssenteret.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380