Lokalnytt

Mange besøkte Sanitetslaget i regnveret

Sunnylven sanitetslag hadde jamn pågang av unge og eldre som ville smake både på vaflar, kaffi og kjøpe lodd.

Sunnylven sanitetslag baud på kaffi, vaflar og loddsal då laget markerte «Sanitetens veke 2018» på Hellesylt laurdag.

Tilbodet frå Sunnylven sanitetslag laurdag varma mange på ein regnvåt haustdag. Under frambygget ved Coop Marknad på Hellesylt dufta det godt frå både vaffeljarnet og kaffikanner. Heile fem liter røre, fleire kanner kaffi og alle 40 gevinstane på snurrelodd gjekk ut på dei tre timane «gatekiosken» til sanitetsdamene heldt ope.

Veke 43 frå 22. til 28 september var «Saniteten si veke» i år. Den markerer Sunnylven sanitetslag kvart år på ulike måtar. På Sunnylven skule har elevane i fyrste klasse fått kvar sin stor handduk og eit jakkemerke med teksta #eglikardeg. Også salet ved Coop-butikken var del av markeringa, og det var planlagt kaffistund for bebuarane på Sunnylven omsorgssenter. Den er utsett ei veke, til 5. oktober grunna anna arrangement. I Saniteten si veke blir det også lagt vekt på medlemsverving. Det er von om ny medlemmar etter denne dagen, får vi opplyst.

Slagordet på jakkemerket, #eglikardeg er eit kampanjebodskap som oppmodar til å fortelje kor fine vi er som vi er. –Skriv at vi er strålande fornøgde og takkar alle så mykje for støtta, seier sanitetsdamene.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380