Lokalnytt

Pensjonistar fekk gjenhøyr med «landeplager».

Leif Inge Tormodsæter hadde ei lyttande forsamling som lika det dei fekk høyre.

Onsdag kom trubadur og visesongar Leif Inge Tormodsæter til Sunnylven omsorgssenter. Her vart det ein times gjenhøyr av kjende songar som ein gong var kjære landeplager.

Leif Inge Tormodsæter er busett i Kristiansand, men er no ute på ein fire vekers turne på Vestlandet der han vitjar institusjonar og eldresenter med sin gitar og song. Her i distriktet har han vore innom Solbakken på Stranda, i Geiranger, Sykkylven og onsdag kom han til Sunnylven omsorgssenter etter fyrst ein tur til «Heimen vår» i Hornindal. Dagen etter var turen komen til Liabygda.

Tenar Kultursekken

Slik har han turnert i 30 år så langt, fortalde han, og no har han starta på dei neste 30 for Den kulturelle spaserstokk.. At det kan bli mange år til er liten tvil om. Vi sat lengst bak i daglegstova ved Sunnylven omsorgssenter og lika det vi fekk høyre. Det trur vi at også 25 av bebuarane gjorde, for fleire nynna med i dei mange kjende visene som visegjesten blada fram frå songboka si. At dei vart framført både melodiøst og til akustisk gitarspel av høg klasse høgda også timen til eit godt sosialt minne, vil vi tru.

-Til «sjøs»

Repertoaret starta med Vidar Sandbekk, ikkje unaturleg etter som det er hundreårs-jubileum for viseskalden frå Hedemark. Det vart «Dagdrivarvise», «Pengegaloppen» og fleire. Deretter tok Tormodsæter forsamlinga med til «sjøs» og i Ivar Medaas si vise «Dar kjem dampen». På Sunnylven omsorgssenter ser dei også mange båtar kome og gå, ikkje akkurat dampbåtar sjølv om mange ryk litt, men sjøtrafikken er stor både av private, ferjer og cruisebåtar.

-Og når vi fyrst er komne på sjøen må vi ha med Erik Bye, sa Leif Vidar Tormodsæter. Det vart «Anna Lovinda», «Skomværvalsen», «Vår Herres klinkekuler» og fleire.

Mange huska «Drømmen om Elin»

Til sist vart det eit kneppe av Jens Book Jenssen. «Det er lov å være blid» fall i smak, det gjorde også «Sønnavindvalsen», «Dansen på måkeskjær», «En liten gyllen ring» og ikkje minst «Drømmen om Elin». Då vart det allsong i daglegstova igjen slik det var for 11 år sidan då Leif Inge Tormodsæter gjesta Sunnylven omsorgssenter sist. Ein hyggeleg meloditime vart avrunda med «Den glade vandrer».

Mange møtte fram i daglegstova for å få eit gjenhøyr av kjende songar og viser.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380