Lokalnytt

Skaut storhjorten på Ljøen

Oddbjørn Berge starta årets hjortejakt på ein eventyrleg måte. Her saman med kronhjorten på 154 kilo. (Foto: Ole Hjalmar Bonsaksen)

Laurdag 1. september starta årets hjortejakt. Og på Ljøen stubba storhjorten alt fyrste dagen.

Det var litt av ein rugg jeger Oddbjørn Berge fekk i siktet og skaut på Ljøen fyrste dag av hjortejakta. Og fangsten vart tung å få til gards vil vi tru, for kronhjorten vog heile 154 kilo. Ti-taggaren stubba for ei kule på høgde med nedre-Ljøsætra på Hellesyltsida av Sagelva. Det melder Ole Hjalmar Bonsaksen, som fortel at Ljøen har seks fellingsløyver i år. Dei jaktar vidare og han har tru på nye dyr alt i dag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380