Gamle Bilde

17. maifeiring i Sunnylvsbygda

17. mai 1925.

Frå Svein O. Hauge har vi fått tilsendt to gamle bilder. Det øverste bildet klarte vi å identifisere. Dette bildet var saman med eit anna bilde profilert som «det gamle foto» i Sunnylvingen nr. 10, frå 4. mai 1982. Teksten som stod ved sidan av dette bildet var skriven av Knut Frøysa :

«Desse to bileta er frå 17. maifeiringa i Sunnylvsbygda årgang 1925. Og staden er ved losjehuset »Bergkraft» (no Solheim). Som mange veit vart losje «Bergkraft» skipa i 1905 og siste møtet vart halde i 1925. Fru Beate Hole fortel at det var vanleg at Langedalen, Hellesylt og Sunnylvsbygda feira dagen kvar for seg og at «Losjehuset» under Berga var tilhaldsstaden for krinsane Hauge, Frøysa og Bjørdal. Denne 17. mai som biletet er henta frå, var ein søndag med preike i Sunnylvskyrkja og toget her har nett avslutta ein marsj frå kyrkja til Frøysa – om lag 8 km. Faneberarar er Otto Hauge til høgre, som ber fana til Sunnylvsbygda kristelege ungdomsforeining. Den andre fana som Olav Hauge held, er D.N.T si fane. Heilt i høgre biletkant ser vi Ivar N Hole med fela og mellom faneberarane fremst står cand. teol. Martin Ringdal og Peder Helset. Kvinnene bakover: Marie E Frøysa Korsbrekke, Marie O. Frøysa Roald, Beate Hole, Nanna Parr Brune, Beate P Storstein, Borghild Storstein med fleire. Dette er berre ein liten del av møtelyden som møttest i dei to ungdomshusa som låg like ved einannan. «Bergly» er som kjent Sunnylvsbygda kristelege ungdomsforeining sitt hus.»

Det andre bilde har vi ikkje informasjon om anna enn at det skal vere frå omtrent same tidspunkt og at ho som står i midten i bakerste rekke skal vere Olga Hauge.

gamalt bilde 1

Om nokon har meir informasjon om bilda så er det berre å ta kontakt på post@hellesylt.info

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info