Lokalnytt

Kosar seg med baby-song

Måndag var frå venstre Lone Malen, Florence, Elias og Marius på babysong saman med sine mødre. Heilt til venstre Carolin Eide.

Tre gonger så langt i haust har foreldre og babyar vore samla til baby-song i Sunnylven kyrkjelydshus. Måndag fekk vi kome innom kosestunda.

Ikkje alle var til stades måndag då hellesylt.info stakk innom kyrkjelydshuset for ein liten prat og fine bilete. Der var Lone Malen, Florence, Elias og Marius saman med sine mødre og Carolin Eide frå Eidsdal. Måndag var tredje samling så langt, men det blir fleire for dette var kjekt for både unge og eldre.

Carolin leiar samlingane med baby-song. Liknande samlingar, som er ein del av trusopplæringa i samarbeid med kyrkja har ho også på Stranda.

Samlinga på Hellesylt brukar å vare i ein god halvtime. På matter på govet var det rytme, rørsler eller spel på instrument og sang. Litt jogging med babyane i mødrene sine sikre grep var også artig etter det vi høyrde av «prat» frå dei unge verdsborgarane, og god trim for dei vaksne.

-Vi har det kjekt i lag og etter song og trim kosar vi oss med kaffi. Vi prøver å samlast kvar måndag og vil halde fram i alle fall ut oktober, kanskje enno lenger. Når alle er med er vi sju, men skulle det vere nokon som ikkje er kontaka og har lyst å vere med er det berre å kontakte meg, eller møte opp på kyrkjelydshuset på måndagar klokka 11.00, seier Kine Hole.

Å leike med fargeglade nett er også lov på babysong.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380