Lokalnytt

Nesten i mål med utsiktsrydding

Slik såg det ut på Øya i Korsbrekkeelva i vår der Jørn Stadheim rydda med maskinelt utstyr. Leiar i Hellesylt Næringslag, Øystein Ljøen t.h. var fornøgd.

Norge held på å gro igjen. Det ville Hellesylt Næringslag gjere noko med og starta ein storstilt aksjon med utsiktsrydding rundt Hellesylt i vår.

Gjennom jordbruksoppgjøret 2016 vart det sett av 20. mill. kroner til rydding av skog på kulturlandskap og utkikkspunkt. Fylkesmannen tildelte middlar etter søknader.

Etter mindre beiting med husdyr, spesielt småfe blir mykje av den flotte naturen vi har i landet stadig vekk skjult av veksande kratt og skog, slik også kring Hellesylt og andre stader i Sunnylven. Hellesylt Næringslag utarbeidde difor i 2017 ein god og rydding søknad om tilskot til utsiktsrydding og fekk tildelt 245.000.- kroner. Frist for arbeidet var ut 2018.

I 2017 og i år har Hellesylt Næringslag utført ei omfattande utsiktsrydding og opna opp utsikta på seks områder. No søkjer Hellesylt Næringslag ved leiar Øystein Ljøen om forskots utbetaling då meir enn 75 prosent av jobben er utført. Det er blitt rydda med både motorsag, større maskinelt utstyr og handemakt. All rydding er ikkje ferdig enno, det står igjen eit område ved Hellesyltfossen, men laget ynskjer ei delutbetaling alt no.

Område som har fått opna opp utsikt og som er ferdig rydda er langs fylkesveg 60 ved Svartebergane, langs juvet frå Høgebru mot Dalen, på venstre side av Hellesyltfossen sett frå sentrum, på ei øy i Korsbrekkeelva og langs elva ved Åsebrua. På høgre side langs gangvegen «Kloppene» står igjen ca. 30 prosent av arbeidet, men det vil bli gjort ferdig før året er omme, skriv Næringslaget.

I søknaden om delutbetaling dokumenterer Hellesylt Næringslag korleis ryddeområda såg ut før og korleis det har blitt no.

Slik ser øya i Korsbrekkeelva ut i oktober 2018 etter utsiksrydding.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380