Lokalnytt

Sunnylven Bygdekvinnelag informerer om bygg

Kornsorten bygg blir dyrka nesten over alt i Norge og har i fleire hundre år vore del av kosthaldet. Eit godt kornslag som Bygdekvinnelaget vil informere om for å få auka bruken.

På Verdas matvaredag slår Bygdekvinnelaget eit slag for kornsorten bygg som har berga livet til mange i Norge i meir enn tusen år.

Tysdag 16. oktober er Verdas matvaredag. Då stiller Sunnylven Bygdekvinnelag med stand i Hellesylt sentrum og vise fram og informere om ein av kornslaga som i Norge gjev sikker avling, nemleg bygg. Og kornsorten Gullbygg er den eldste som ein veit har blitt dyrka i Norge.

Norges Bygdekvinnelag har engasjert seg for å auke kunnskapen om og bruk av bygg hos norske forbrukarar. Det gjer også Sunnylven Bygdekvinnelag og vil ha stand i Hellesylt sentrum ved Coop Marknad, fortel leiar Anne Grete Hjelmeland Hole. Her vil medlemer frå laget vise fram og informere om kornsorten som nordmenn i fleire tusen år har overlevd på og som har utvikla eit berekraftig samfunn. Bygdekvinnene blir å treffe på stand frå klokka 13.00 og i fire timar der spesielt den urgamle kornsorten Gullbygg vil vere i fokus.

I Norge vart det i 2003 dyrka 585.000 tonn bygg, i 2013 var kvantumet 480.000 tonn, eller til dømes 12 % av det Danmark dyrka. Berre ein prosent av det Norge dyrkar blir brukt som matkorn, resten går til husdyr.

I eit skriv peikar Bygdekvinnelaget på fleire fordeler av å bruke bygg i kosthaldet. Byggkornet har eit naturleg høgt innhald av kostfiberet betaglukan og som har dokumentert helseeffekt på kolesterol og blodsukker. -Norge må ha sin eigen matproduksjon, bygg kan dyrkast i store deler av landet, det er med på å skape levande bygder, og det har god tradisjon i det norske kosthaldet, heiter det frå Bygdekvinnelaget.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380